– Det som har hendt har gjort eit djupt inntrykk på alle som bur i Haram kommune, seier ordførar Oddbjørn Vatne. Eit stort apparat vart sett i sving då omfanget av tragedien vart kjent i formiddagstimane i går. Foreldra i barnehagen der dei to yngste barna gjekk vart kalla inn til møte. Både representantar for kyrkja og politiet var til stades. I kveld er det tillyst folkemøte i samfunnshuset der bygdefolket kan få stille spørsmål. Både før og etter vil kyrkja vere open for dei som måtte ønskje å gå dit. På Haramsøy skule, der det eldste barnet var elev, vil det bli møte for lærarane i dag. Der skal det drøftast korleis dei skal ta imot medelevane til den omkomne guten når skuleåret tek til att den 20. august. Det vart i går også arrangert eit debriefingsmøte for dei involverte hjelpemannskapa. Eit eige kriseteam frå sentralsjukehuset i Ålesund var til stades, saman med ein lokal lege og folk frå kyrkja. – Vi tenkjer sjølvsagt mest på dei pårørande, som er sterkast berørt av det som har hendt. Men dette er vanskeleg for alle, seier ordførar Vatne.