RUNE VALDERHAUG rune.valderhaug@bergens-tidende.no

Dette sa formannen i Organisasjonenes Fellesråd (OF), Kjell Bertel Nyland, då han i går kveld opna det sokalla OF-møtet i Hurdal. OF er ein samanslutnad av elleve av dei store kristelege organisasjonane her i landet, og på dei årlege møta samlast valde toppleiarar og generalsekretærar i dei elleve organisasjonane. Nyland er til dagleg generalsekretær i Den norske Sjømannsmisjon/norsk kyrkje i utlandet, som har sitt hovudkontor i Bergen. I opningstalen bad han stat/kyrkje-utvalet, som no er i arbeid, om å ta godt vare på folkekyrkje-intensjonen.

Inkluderande Det vi treng aller minst i eit nytt tusenår, er ei kyrkje som gjer det endå vanskelegare for døypte, men endå trusvedkjennande landsmenn, å kjenne seg inkludert i kyrkjefellesskapen, hevda Nyland og la til: Kva slags kyrkjeorganisasjon vi bør ha i framtida, må vurderast ut frå kva slags ordningar som best tek vare på kyrkja både som trussamfunn og som folkekyrkje. Om dette er ei fri folkekyrkje, som framleis liknar på ei statskyrkje, gjenstår å vurdere, la han til.

Lys og salt Nyland sa vidare at det er viktig å lytte til vår tids Sakkeus’ar i debatten om stat og kyrkje. Ei framtidig kyrkje som sagar vekk greinene Sakkeus har føresetnader for å klatre i, er temmeleg forfeila, hevda han. Valet treng ikkje å stå mellom ei vidtfemnande folkekyrkje som gjenspeglar alt som måtte røre seg av religiøse og etiske oppfatningar i folket på den eine sida, og ei frontforkorta kyrkje som avgrensar seg til å vere trusfellesskap og motkultur, på den andre. Det må vere mogleg å vere både lys og salt samtidig, sa Nyland.

Felles visjon I opningstalen gav han elles uttrykk for at både dei kristelege organisasjonane og kyrkja må gå inn i 2000-åra med ein felles visjon om å forkynne, arbeide og opptre på ein måte som gjer at kyrkjer og bedehus vert gjenkjente som "eit barmhjertighetens sted". Vi er undervegs som friviljuge organisasjonar i kyrkja vår. Undervegs må vi øve oss i å leve med usemje, og akseptere at mangt og mykje vil forbli utvetydig i kyrkja vår. Men ei kyrkje som ved Guds hjelp maktar å stå fram som truverdig i det menneskelege, og sannferdig i det åndelege, vil bety mykje for svært mange menneske som er prega av terskelangst og skepsis til kyrkje og kristenliv på den ene sida, og ein skrikande lengt etter Gud på den andre, sa Nyland.