Rune Solheim

Fungerande biskop i Bjørgvin, Ørnulf Elseth, er svært uroa over utviklinga i økonomien ute i dei lokale fellesråda, som står for drift og vedlikehald av kyrkja i lokalmiljøa.

— Det stemmer at mange fellesråd lever på lånte pengar, og dette vil sjølvsagt berre bli enda verre etter kvart. Dette blir som å pisse i buksa for å halde varmen, seier Elseth til Bergens Tidende, som karakteriserer situasjonen som håplaus.

20 prosent lever på lån

Ved bispedømmets kontor i Bergen har dei ikkje full oversikt over rekneskapane frå alle 59 fellesråd, men fungerande stiftsdirektør Liv R. Ågotnes stadfestar at meir enn 20 prosent må ty til lånte midlar for å finansiere den daglege drifta.

— Og da har dei allereie skore heilt til beinet. Mange har ikkje råd til å klippe graset på kyrkjegardane, seier ho.

I Bergen kirkelige fellesråd manglar dei fleire millionar kroner for å dekke blant anna dei auka lønsutgiftene neste år.

Blant dei andre som slit tungt med økonomien finn vi eksempelvis Austrheim kyrkjelege fellesråd, som har samla seg opp eit underskot på rundt 650.000 kroner. I Kvam er underskotet på 373.000 kroner, i Gulen har dei akkumulert 280.000 kroner i underskot.

I Vågsøy har dei hittil i år gått med 80.000 kroner i minus, sjølv etter at ein lokal innsamlingsaksjon gav 70.000 ekstra kroner i kassa - og både årsverk og vedlikehald er kutta til beinet.

Alle desse underskota er pr. definisjon lånte pengar som fellesråda har brukt utan dekning i løyvingar og budsjett. Ingen av kommunane har økonomi som tilseier at fellesråda kan ha håp om å få ettergitt pengane dei skuldar.

«Kommunekyrkje»

Dermed må dei tilbakebetalast ved å kutte tilsvarande i drifta kommande år, eller så må inntektene auke. Problemet er at løyvingane er for små i utgangspunktet. Og utsiktene til auka inntekter er minimale.

— Vi er i aller høgst grad uroa for situasjonen, seier Stiftsdirektør Liv R. Ågotnes i Bjørgvin, som fryktar at den håplause økonomien vil gå ut over talet kyrkjelege stillingar i stort omfang.

Ørnulf Elseth deler uroa. Den fungerande biskopen i Bjørgvin er no på kyrkjemøtet i Bodø, eit kyrkjemøte som set fokus på økonomien, og vil at situasjonen skal få konsekvensar for prioriteringane i statsbudsjettet.

— Den kyrkjelege økonomien er blitt eit spegelbilde av økonomien i kommunane. Vi er blitt meir ei kommunekyrkje enn ei statskyrkje, seier Elseth.

Han applauderer ikkje ei utvikling der kyrkja blir meir avhengig av private midlar, men meiner vi må sjå på alle mogelege grep - både korleis inntektene kan aukast og korleis utgiftene kan kuttast.

— Poenget er at vi må gjere våre val med opne auge, og ikkje berre late det skure og gå. Og vi veit at dei store utgiftene ligg på lønssida.