Ei nyfødd sogne— eller fjordajente kan, statistisk sett, rekne med å bli over 83 år gammal. Levealderen for kvinner i Sogn og Fjordane er dermed den høgaste i Europa.Levealderen for kvinnene i dei andre vestlandsfylka er noko lågare. Likevel er forventa levealder i alle fylke over 82 år, og dermed på same nivå som landsgjennomsnitta for Spania, Sveits og Frankrike, som er på topp i Europa.Det er Statistisk Sentralbyrås be-folkningsstatistikk for år 2000 som konkluderer med at kvinner i vest lever lengst. Lenge har også menn i Sogn og Fjordane kunna kalkulere med å bli eldst i landet. Men det kan dei ikkje lenger no. Nabofylket i nord, Møre og Romsdal, har teke over. Langs mørekysten kan mennene kalkulere med å bli over 77 år. Også Hordaland, Nord–Trøndelag og Akershus har passert Sogn og Fjordane i perioden 1996–2000.Dei ti siste åra har forventa levealder for menn auka med 2,5 år og for kvinner med 1,6 år.Gjennomsnittleg levealder for norske kvinner og menn var 81,4 og 76 år ved inngangen til det nye tusenåret.