VIDAR YSTADvidar.ystad@bt.noOslo Nå kjem krav om nye svar frå Kosmo og ei lovendring som skal sikre Konkurransetilsynet ei uavhengig stilling. Kværner-saka blir Kosmo-sak. Kosmo sine svar i Stortinget i går var ikkje nok til å mildne reaksjonane frå politikarane.Sp-representanten Morten Lund spurde om kvifor Kosmo ville hindre at aktørane fekk kjennskap til dei konkurransemessige konsekvensane av ein mogeleg fusjon mellom Kværner og Aker Maritime. "Skadar ingen" Kosmo grunngav inngrepet med at han meinte det ville vere "meget uheldig dersom prosessen som Konkurransetilsynet hadde satt i gang skulle få direkte innvirkning på generalforsamlingen". Det er i tråd med det Kosmo tidlegare har uttala til Bergens Tidende. Høgres Jan Tore Sanner avfeiar Kosmo sin argumentasjon.— Eg kan ikkje sjå at informasjon kan skade nokon. Det er oppegåande folk som møter på ei generalforsamling som dette. Kosmo si innblanding er uttrykk for den gamle sosialdemokratiske haldninga om at "staten, det er meg". Det er likevel høgst oppsiktsvekkande at statsråden greip inn på den måten han gjorde. Det er også overraskande at Konkurransetilsynet bøygde seg. Konkurransetilsynet skal vere uavhengig, seier Høgres Jan Tore Sanner til BT. "Takke for seg" - Svara frå Kosmo var forferdeleg vage. Mistanken blir hengande om at nokon hadde motiv for å hindre at synspunkta til oljeselskapa vart kjent, seier Morten Lund.- Stortinget har vore for lite oppteken av forholdet mellom tilsynsorgan og politisk styring. Vi burde hatt reglar i Noreg som førte til at ein statsråd som gjorde det Kosmo har gjort, måtte takke for seg.Lund opplyser at han vurderer å legge fram eit forslag for å hindre politisk inngrep overfor tilsynsorgana. "Utan heimel" Erna Solberg (H) meiner ein statsråd må ha ein klar heimel for å kunne gjere inngrep, og at ein må fylgje bestemte, formelle reglar som viser kva som er gjort.- Eg forstår ikkje at ein statsråd har heimel til å gjere eit slikt inngrep i det heile, seier Erna Solberg (H) til Bergens Tidende. Ho var saksordførar då Stortinget i 1992 behandla den nye konkurranselova.Solberg opplyser at ho eller partiet nå truleg fremjar spørsmål til skriftleg svar frå statsråden om heimelspørsmålet.- Vi har diskutert denne saka i Høgre etter at inngrepet vart kjent. Vi vurderer nå å fremje vårt gamle lovforslag om heilt å frigjere Konkurransetilsynet frå departementet. Vi ynskjer ikkje at departementet skal vere klageorgan over Konkurransetilsynet, seier Solberg.

Dette er saka: * Laurdag 28. april avslørte Bergens Tidende at administrasjonsminister Jørgen Kosmo hadde gripe inn i Kværner-saka. * På ordre frå Kosmo vart Konkurransetilsynet rett før påske instruert om å utsetje høyringsfristen om konsekvensane av ein fusjon mellom Kværner og Aker Maritime. Fristen skulle utsetjast til etter generalforsamlinga i Kværner. * Pålegget vart gjeve munnleg. Det er ingen spor av instruksen korkje i departementet eller i Konkurransetilsynet. * Kosmo nektar å fortelje kven som kontakta han om høyringssaka. * Kværner oppfattar inngrepet som ei handsrekning til Kjell Inge Røkke. * Reaksjonane i det politiske miljøet er blitt stadig sterkare etter at politikarane har sett seg betre inn i saka. Nå blir det nye rundar.