— At kvar tredje elev synest dei får for lite emosjonell støtte frå læraren sin, er triste tal, seier forskar Elin Thuen til forskning.no

Å ha eit godt læringsmiljø, er eit populære ord i skulepolitikken. Ein trur kanskje også at læringsmiljøet i klassen er likt for alle elevane. Men i den ferske doktorgradsavhandlinga til Elin Thuen, viser det seg at elevar i same klasse kan ha heilt ulike opplevingar av læringsmiljøet i same klasse med same lærar.

Såkalla vanskelege elevar opplever oftare eit negativt læringsmiljø og mindre støtte frå læraren. Motsett opplever elevar som er konstruktive og positive eit godt læringsmiljø.

Det negative får fokus

Korleis ein er som person er med å påverke opplevinga av læringsmiljøet.

— Åtferda i klassen er gjerne samsvar med korleis ein er som person. Nokon er skeptiske og har ein tendens til å tolke ting negativt, der andre er meir positive. For elevane er dette haldningar ein tek med seg inn i klassen, seier Thuen.

Men også korleis læraren behandlar dei ulike elevane påverkar korleis eleven oppfattar læringsmiljøet.

— Når ein har elevar som reagerer med sinne, har nokre lærarar ein tendens til å reagere med irritasjon og negativitet tilbake.

Thuen peiker på at det ofte berre er små negative signal som blir sendt ut til eleven.

— Det kan vere at nokre elevar får mykje kjeft, det negative får fokus. Elevane svarer gjerne med meir sinne og blir enno meir oppgitte, etter kvart blir eit negativt læringsmiljø utvikla.

Utfordring for læraren

Forskaren har gått gjennom svara til eit utval på 2000 elevar i niande klasse.

Elevar som har behov for å bli sett, kan oppleve å få for lite støtte. Emosjonell og fagleg støtte har mykje å seie for åtferd og skulearbeidet til kvar enkelt elev. Ei negativ oppleving kan bli ein negativ spiral.

— Mange lærarar har ei utfordring i det å like dei vanskelege elevane, å møte dei på ein god og støttande måte, seier Thuen.