Det er no det skal avgjerast. Kva skal eg bli? Kva for vidaregåande skule skal eg søkje på?

Kva ville skje om eg tok formgjevingsfag? Vel, eg har kanskje ikkje så god karakter i faget, men føler at eg har litt skaparkraft i magen som ikkje slepp til. Jau, eg ser det for meg; den fyrste oppgåva eg får er å lage ein kunstgjenstand og fortelje om metoden min. Ikkje at oppgåva er så vanskeleg, reint teoretisk, men det er så mykje men. Som den godtruande karen eg trass i alt er, spør eg uskuldig om ikkje dei kan gje ei litt meir utvida oppgåve. Læraren ser granskande på meg og lurer på om eg fleipar eller ikkje. Men så tar han det for spøk, og seier lattermildt at då måtte eg finne på oppgåva sjølv.

Mekaniske fag då? Eg er jo ikkje så galen når det gjeld mekanikk og slike tekniske dubedittar. Eg kan godt setje saman ein blikkboks eller skru på nokre hjul så dei får andre til å reagere. Eg er jo litt nysgjerrig på sveising òg. Men på ei anna side så er det eit fag der ein skal bruke alle kreftene til kvar tid, og sikkert blir så utmatta etter ei veke at ein ikkje klarar ein einaste fredagskveld på by'n i heile fyrste året. Nei, så definitivt ikkje noko for meg.

Så var det eg kom over dette studietilbodet TAF, då, der ein får både spesiell studiekompetanse og fagbrev. Ein får til og med lønn, sidan eg to dagar i veka skulle jobba i bedrift. Jau, det hadde vel vore interessant, om det ikkje var for at eg måtte reise heilt til Knarvik, noko som i seg sjølv ville ta minst to timar kvar dag. Og i tillegg må du ha ein ekstra time på skulen kvar dag, altså sju + to = ni timar kvar einaste dag! I tillegg kjem lunsjpause. Dessutan er det ikkje så mykje ferie, sidan det er bedrifta sitt år som tel, ikkje skulen sitt. Og så er det bindande, slik at eg ikkje kan velje noko anna om eg ikkje likar meg. Og så eit heilt år ekstra (3 + 1=4 år)! Der går grensa mi!

Kva med elektrofag, då, som er ei god, gammal, tradisjonell studieretning. Eg kjem vel på skulen fyrste dag, helsar høfleg på alle lærarane mine, set meg i lag med ein, for meg, heilt ukjend gut utan gélé i håret, og med store, firkanta briller. Vi får i oppgåve å bli kjende med kvarandre og utstyret på skulen, og bordkameraten min finn ein superavansert teknisk kobling og koplar på eit ampermeter-eit-eller-anna, og tingesten byrjer å lyse. Det gjer meg sjølvsagt betre kjent med guten utan gélé; han er eit teknisk vedunder. Eg spør om kva som skjer om ein tar borti ein av leidningane, og han seier at han ikkje veit enno, men at om eit sekund... Så ligg guten utan gélé på golvet med håret strittande til værs slik at han ser ut som ein av oss, men med opne auge som stirrar ut i ingenting. Eg vart faktisk litt redd ved tanken om at eg sjølv ein dag skulle byrje å interessere meg for noko slikt. Best å halde avstand for å hindra at det skulle skje.

Helse og sosial, det er nok noko for meg. Eg er jo den fødte barnehagetante eller hjelpepleiar eller kva det skal vere. Hadde det ikkje vore for dei stygge rykta om korleis ein var nøydd til å arbeide overtid heile helga, og kor intimt det er å hjelpe dei trengande i visse situasjonar, hadde det nok vore eit enkelt val. Men eg har jo planlagt familie! Eg har ikkje tid til å ta meg av andre menneske til ei kvar tid. Og eg klarar heilt sikkert ikkje å vere oppe heile natta, om eg mot min vilje skulle bli sett på nattevåk. Nei, det er nok kanskje ikkje noko for meg det heller.

Sove om natta får ein heilt sikkert til på Medium og Kommunikasjon. Eg har mildt sagt ikkje peiling på kva ein treng tre år for å læra her, men dei seier det har noko med IKT å gjera. Og så kan eg studera ved Noroff-instituttet etterpå. Eg veit ikkje kva det er, eller kvifor me treng slike som vart utdanna der, men dei har i alle fall ein stilig reklame i Bergen Kino. Eg har høyrt at dei berre tek inn elevar med over 5 i snitt ved Medium og Kommunikasjon, så då er det vel eit populært val. Kanskje er det nok av dei som har slik utdanning, slik at me nykomlingar ikkje får plass i det heile tatt i arbeidslivet? Og kva nytte har eigentleg IKT om ein ikkje kan noko anna i tillegg?

Om ikkje noko anna, så finst vel byggfag. Tømrarar treng me langs heile fjøla, det skal vel ikkje vere noko problem. Bruke hovudet til å tenkje ut korleis alle dei rare problema skal løysast, og skyte spikrar inn i treverket når eg har ein heilhet framfor meg. Og så sluttar ein klokka to kvar einaste dag! Men... det betyr jo at eg må vakne klokka halv fem!

Hotell og næring er ei morosam studieretning. Der kan ein lære mykje om korleis ein skal lage mat, servere, tilberede, vaske og i det heile — alskens matrettar skal ein kunne laga i mange variantar, og om ein vel kelnerfag, må ein kunne mykje om ulike vinar. Dette hadde definitivt vore linja for meg om eg hadde fått lov å prøvesmaka all vinen sjølv.

Men dette valet blir for vanskeleg. Eg ser alle klassekameratane mine velje linjer. Sjølv har eg ikkje lyst å byrje i nokon av dei. Og aller minst i allmennfag, der må ein jo studera vidare for å bli noko. Og dessutan må eg lære meir fransk. Men eg har framleis allmennfag som fyrste prioritet på ånnlain-lista mi, og eg har ikkje nokon idé om kva eg skal bli.

Torstein Stømme (15) frå Florvåg er elev i klasse 10B ved Erdal ungdomsskule på Askøy. Han skreiv dette kåseriet om skulevalets kval som ei oppgåve i sidemål nyleg. Sjølv er han ikkje så usikker som denne teksten hans gir inntrykk av, han har søkt lina for tekniske allmennfag, dermed blir det pendling mellom Askøy og Knarvik likevel. Kursen vidare har Torstein klar. Han vil studere ved NTNU i Trondheim og bli sivilingeniør. - Eg har alltid vore glad i teoretiske fag, særleg i fysikk, seier han. Dessutan likar han å skrive.