For kva har forsvarssjefen gjort for å fylgje opp instruksen han fekk frå forsvarsminister Bjørn Tore Godal i februar i 2001?

Det spørsmålet har Forsvarets Overkommando konsekvent avslege å svare på etter at klasebombesaka dukka opp.

Forsvarsdepartementet greidde ikkje i går å bli ferdig med orienteringa om saka som forsvarskomiteen på Stortinget har kravd. Før den kjem, vil ingen offisielle kjelder svare på spørsmål.

GODAL SA TIL Bergens Tidende i går at han såg det som sjølvsagt at forsvarssjefen fylgde opp den instruksen han fekk om handtering av «kontroversiell» ammunisjon. Bruk av slik ammunisjon skulle klarerast politisk, det vil seie med departementet.

Dersom det nå kjem for ein dag at forsvarssjefen anten ikkje har fylgt opp instruksen ved å instruere sine underordna, eller han har instruert utan at det er teke notis av instruksen, har forsvarssjefen eit alvorleg problem. Det vil innebere at forsvaret eller forsvarssjefen ikkje har nokon respekt for forsvarsministeren og politiske instruksar. Det bør i så fall bli svært alvorleg for forsvarssjefen. Han har då demonstrert at han ikkje har orden i eige hus.

Ein må vente at ein slik instruks, som er så klar og alvorleg, blir formidla raskt og effektivt til alle aktuelle ledd i forsvaret. Det kan ikkje vere rom for slendrian i ein strengt hierarkisk kommandoorganisasjon som er van med å gje og ta imot ordrar.

DEVOLD KAN DÅ på ein måte lene seg tilbake, bak ryggen på forsvarssjefen, dersom det er på det reine at departementet ikkje vart orientert om bruk av klasebomber på Hjerkin skytefelt 7. oktober, slik Devold har hevda. Ho kan då vise til at forsvaret ikkje har fylgt instruksen frå forgjengaren sin, Bjørn Tore Godal frå Ap. Det kan ho ikkje lastast for.

På den andre sida har forsvarsministeren ansvaret for alt som skjer i forsvaret — sjølv om statsråden ikkje har full informasjon om alt.

SAKA ER UANSETT kjedeleg for forsvarsminister Kristin Krohn Devold. Saka påfører henne nye riper i lakken for å mangle oversyn og innsikt. Det er nesten for utruleg til at det kan vere sant at korkje departementet eller forsvarssjefen har kjent til eller er blitt orientert om sprenginga av klasebomber før saka sprakk i Nationen fredag. Ei open pressemelding om klasebombesaka har lege fritt tilgjengeleg heilt sidan 11. oktober. Då har ein ikkje forsvarlege rutinar og styring korkje i forsvaret eller i departementet, dersom ein skal tru på det forsvarsministeren seier. Dette betyr ytterlegare svekking av statsråden. For i ein slik jobb må ein ha respekt og autoritet.

Det er desse verdiane som nå står på spel for forsvarsministeren. For det er ikkje første gong av Devold kjem i søkjelyset og det blir stilt spørsmål ved om ho er rett person i jobben. Tidlegare har ho måtta tole kritikk for i fleire tilfelle å ha gjeve feilinformasjon dels til Stortinget, dels til Stortinget sitt kontrollorgan for dei hemmelege tenestene.

Ei slik sak var saka om beltevogner, det galdt også saka om avdelingsdirektøren som fekk sparken i Forsvarets Overkommando etter 37 års teneste i forsvaret.