VIDAR YSTAD

Det vart resultatet etter eit møte mellom presidentskapen og dei parlamentariske leiarane på Stortinget i går.

I staden for å innføre det som populært er omtala som «festung Stortinget» for å isolere stortingskomiteane frå journalistane, blir det nå innførd ei ordning som opnar for å stenge pressa ut «etter behov».

Poenget med stengingsframlegget var eit ønskje om at komiteane skulle kunne «få fred frå pressa». Det vil seie at representantane skulle sleppe å svare på spørsmål frå pressa når dei går til og frå møta i komiteane.

Pressa har meint at framlegge ville vere ei klar hindring i arbeidet med å fylgje og dekke det som skjer i Stortinget.

I dag har komiteane møta sine i sine faste komiterom i stortingsbygningen der pressefolk kan bevege seg fritt.

Etter det Bergens Tidende forstår er det nå berre Frp som står fast på at pressa skal stengast ute frå den bygningen som Stortinget vil ta i bruk til møterom for stortingskomiteane.

Måndag argumenterte visepresidenten i Lagtinget, Odd Holten, KrF, overfor Bergens Tidende sterkt for å stenge pressa ute frå dei nye lokala.

I går stod dei tre kvinnelege parlamentariske leiarane Kristin Halvorsen (SV), Trine Skei Grande (V) og Marit Arnstad (Sp) fram i VG i ein felles kamp mot stengingsframlegget.

Dei argumenterte sterkt mot stengingsframlegget som kom frå «dei gamle mennene» som er på veg ut av politikken. Utspelet deira førde fram.