VIDAR YSTAD

Brekk var ein av Senterpartiet sine statsrådar i Bondevik I-regjeringa som stilte kabinettspørsmål på motstand mot å bygge gasskraftverk.

I går presenterte Brekk, nestleiar i partiet og leiar i programkomiteen, utkastet til Sps program for den komande stortingsperioden. Her går dei inn for å bygge gasskraftverk som ureinar «litt» og bore etter olje i Barentshavet.

Konflikt

Begge delar er i konflikt med kva den førre Bondevik-regjeringa stod for. Og på landsstyremøte i Senterpartiet sist helg møtte spesielt framlegget om oljeboring krass kritikk. Også frå representantar frå Finnmark, får BT opplyst. Senterungdommen er framleis sterkt imot.

To av statsrådskollegaene som fylgde han ut av regjeringskontora, Åslaug Haga og Magnhild Meltveit Kleppa, var til stades under gårdagens presentasjon.

Brekk vil ikkje vere med på at det er ein snuoperasjon eller ei kuvending han no vil ha partiet med på. Han nøyer seg med å kalle det «justering av kurs».

Haga, som no er partileiar, seier til BT at ho meiner framlegget i gasskraftsaka er i tråd med kva Bondevik-regjeringa stod for. Det er det nok delte meiningar om.

Splitta

Oljeboring i Lofoten vil Brekk likevel ikkje gå inn for «av omsyn til fiskeriressursane». Det same omsynet gjeld ikkje like tungt i Barentshavet.

Det er dissens i programkomiteen om oljeboring i nord. Men partiet vil ikkje ut med korkje kven som meiner kva eller kor mange som er for og mot framlegget.

Det nye standpunktet om å gå inn for oljeboring i nord blir forklart med at Sp ønskjer å ta heile landet i bruk, utnytte ressursane, føre ein meir aktiv næringspolitikk og skape arbeidsplassar. Han seier vidare at det er underskot på kraft og at det ikkje er fornuft i å eksportere gassen til kraftproduksjon i utlandet.

Utslepp av CO2

Programkomiteen seier at ein vil bygge gasskraftverk med «minimale CO2-utslepp».

Brekk seier til Bergens Tidende at han kan akseptere eit CO2-utslepp på 20 prosent.

Kravet frå miljørørsla har vore at gasskraftverka må vere forureiningsfrie.

Brekk vil seie ja til at dei gasskraftverka som har fått konsesjon, blir bygd. Men han ønskjer at staten skal delta i eit spleiselag på eit par milliardar kroner for at det prosjekterte anlegget på Tjeldbergodden som bli så reint som råd.

Brekk strekar under at Sp no har eit svært positivt og optimistisk syn på kva moderne teknologi kan bety både i miljøsamanheng og for å skape nye arbeidsplassar.

Sentrum?

Sp vil blankpolere sin eigen profil og sentrumspartiprofilen. Brekk hevdar at Venstre og KrF i koalisjon med Høgre ikkje står for ein sentrumspolitisk kurs. Samstundes hevdar han at Sp framleis vil stå for sentrumspolitikk dersom partiet skulle hamne i regjering med Ap og SV etter valet. Han legg til at Sp har vore i regjering med fleire parti tidlegare og har god røynsle med å forhandle om politiske posisjonar.

Partileiar Åslaug Haga seier til BT at det er heilt greitt at det er stor usemje om fleire punkt i programutkastet.

— Eg er ikkje redd for å synleggjere usemje. Eigentleg meiner eg det har vore for lite debatt i partiet, seier ho.

Utkastet skal ut til lokallaga. I januar vil partiet utarbeide det endelege programmet som dei skal vedta på landsmøtet i mars, et halvt år før valet.

PROGRAMFORSLAG: Lars Peder Brekk, leiar i programkomiteen i Senterpartiet.<p/> ARKIVFOTO: HELGE SUNDE