Behandlingsmetoden er effektiv, men kontroversiell.

«Bakteriell installasjon» er siste utveg for pasientar med diagnosen pseudo membranøs kolitt. Denne diaresjukdommen, som kan oppstå etter bruk av antibiotika, er som regel lett å kurere med medikamentell behandling.

Men ikkje alltid.

I slike tilfelle kan nære slektningar få ein overraskande telefon frå Haukeland Universitetssjukehus: Kan dei levere fersk avføring på døra til Gastroseksjonen? Det er aldri nei å få.

– Dei kjem og leverer, alle saman. Effekten er veldig god, nesten betre enn all anna behandling, fortel overlege og professor Trygve Hausken.

Gjennom munnen

Først blir avføringa løyst opp i mjølk. Deretter blir femti milliliter ført ned i tynntarmen gjennom ein sonde. Behandlinga varar som regel i to-tre dagar.

Slik får pasientar tilført frisk, oppegåande tarmflora, som kan utkonkurrere sjuke bakteriar i tarmen.

– Kva seier pasientane?

– Dei er ikkje begeistra, og vil heller ta tablettar. Men dette er siste løysing for pasientar som har prøvd alt anna.

Fire til seks gonger i året behandlar Haukeland pasientar med avføring frå nær slekt – helst frå eit sysken eller barn av same kjønn. Som regel er det snakk om eldre og svake pasientar, der ein eller fleire antiobiotikakurar har tatt knekken på den normale bakteriefloraen i tarmen.

Tidlegare førte legane på Haukeland slangen med avføring opp i endetarmen. Men for ti år sidan tok dei til å føre sonden gjennom munnen, og ned i tolvfingertarmen.

– Slik at bakteriane får betre tak. Kor mange bakteriar trur du det finst i tarmen, spør Hausken.

– Tja... Nokre millionar?

– 23 trillionar. Det er mykje bakteriar, det.

Er etisk godkjent

Haukeland er det sjukehuset i landet som har praktisert bakteriell installasjon lengst, og blir regelmessig kontakta av andre sjukehus for å få «oppskrifta».

Men metoden møter også skepsis i det norske fagmiljøet, og etter det Hausken kjenner til, tilbyr ingen andre land slik behandling. Kritikarane meiner at metoden ikkje er trygg nok. Å tilføre ein kropp avføring og vev frå eit anna menneske, kan samanliknast med å overføre blod.

Sjølv om Haukeland testar avføringa for blant anna hepatitt, legg ikkje Hausken skjul på at behandlingsforma medfører ein viss risiko.

– Det kan vere farleg å påføre noko ein ikkje veit om er heilt trygt. Men metoden er godkjend av Etisk komite. Dette er avføring frå friske folk i nær familie, som har levd i same miljø. Vi meiner dette er trygt.

Ville du nytta deg av denne behandlingsforma? Sei di meining i kommentarfeltet under!

SKEPSIS: Pasientane er ikkje begeistra for å få i seg avføring. Dei vil heller ta tablettar, seier overlege og professor Trygve Hausken.
Høvik, Tor