Lagnaden å bli vraka som 1. mai talar i Tromsø, deler ho med nestleiar Audun Lysbakken i SV. Begge var lansert av sine respektive lokallagsleiarar.

Den sterkt politiserte 1. mai komiteen ville heller ha ein fagleg tillitsmann enn ein partipolitikar som hovudtalar i byen 1. mai. Dette er ei line 1. mai komiteen har fylgt etter at Ap var med på å selje aksjane i Tromsbuss for nokre år sidan.

Avgjerda fall på eit møte alt 5. mars etter ein brei debatt, opplyser leiaren for LO i Tromsø, Leif-Petter Hansen, til Bergens Tidende.

Forutan styret i LO i Tromsø, hadde Ap, SV, Sp, RV og NKP kvar sin representant i komiteen som avgjorde saka.

Vedtaket var samrøystes. I ettertid har Ap sin representant, tidlegare statssekretær, Roger Ingebrigtsen, sagt seg lei for vrakinga av Pedersen. Sjølv var han ikkje til stades på møtet.

— Det hadde ikkje gjort noko frå eller til om han hadde vore der, anna enn at vedtaket i så fall ikkje hadde vorte samrøystes, seier Hansen.

Han avviser bestemt spekulasjonar om at vrakinga av Pedersen eller Lysbakken har noko med straffeekspedisjon eller misnøye med politikarane å gjere.

— Vi ville heller ha ein talsperson frå eigne, faglege rekker. Vi fekk ja i løpet av møtet, både frå klubbformannen ved Aker Verdal, Stein Aamdal, og frå Boye Ullmann. Ullmann skulle snakke om tenestedirektivet i EU medan Aamdal skulle snakka om Avtalefesta pensjon og framtidig pensjonssystem. Vi valde det siste, seier Hansen.