Etter initiativ frå dei tillitsvalde ved Kværner sine verksemder i Noreg, blir det i dag halde all-møte rundt om i landet for å orientere og vedta «kronerulling for Kværner».

Tanken er at dei tilsette skal garantere for og delta i ei kapitalutviding i Kværner. Det skal skje ved at kvar og ein satsar minst ei månadsløn på akskjekjøp.

Med utgangspunkt i ei stipulert gjennomsnitteleg månadsløn på 20.000 kroner, vil det tilføre 100 millionar kroner om alle dei vel 5000 blir med på opplegget.

— Men vi stiller vilkår om at bankar og eigarar skal vere med på å få til ein pakke i staden for å sette krokfot for kvarandre, seier konserntillitsvald styremedlem i Kværner, Eldar Myhre til Bergens Tidende.

— Vi må også stille krav om at staten ved næringsminister Grete Knudsen tek ansvar for å sy saman pakken i og med at dei som eigentleg har ansvar ikkje ser ut til å ville ta ansvaret, seier Myhre.

Myhre slår fast at meininga med initiativet frå fagforeiningane er å demonstrere for allverda, både leverandørar, kundar, finansinstitusjonar og aksjonærar, at dei tilsette har tru på selskapet.