— Dei opplysningane som kom fram gjennom Bergens Tidende i går, er av ein slik karakter at eg nå vil ta saka opp i fraksjonen vår. Det er naturleg å vurdere å be Riksrevisjonen granske saka, seier visepresidenten i Stortinget, Carl I. Hagen (Frp) til Bergens Tidende.

— Dette er tragisk. Dette er uttrykk for systematisk moralsvikt. Vi har tidlegare sett eit mønster av maktmisbruk, konsekvent tilsidesetting av avtalar i arbeidslivet, utnemning av nære vener og nå brot på reiseregulativet. Dette må få eit etterspel slik at det får ein preventiv effekt. Riksrevisjonen eller andre uavhengige, bør inn og granske, seier leiaren i Noregs Offisersforbund, Peter Andre Moe, til Bergens Tidende.

Norman-saka

— Etter alle dei feila som vart avdekka rundt tidlegare statsråd Victor D. Normann sin pengebruk, vart søkelyset retta mot statsrådane sine disposisjonar generelt. Og det vart innskjerpa at regelverket skulle fylgjast, seier Carl I. Hagen, som held fram:

— Skal det vere same rett for kong Salomo og Jørgen Hattemaker, så må ein fylgje opp også når det kjem opplysningar som dei Bergens Tidende nå legg fram. Eg vil ikkje konkludere nå, men vi vil drøfte om vi bør be Riksrevisjonen gjennomføre ei særskild gransking. Det er også av interesse å få svar på kva som er gjort for å innskjerpe praksis etter saka med Victor Normann.

  • Norman måtte tilbakebetale ein del tusen kroner, for det eg med ei snill formulering vil kalle «feil». Men tilbakebetalinga var langt mindre enn det han skulle ha betalt tilbake om regelverket hadde vore fylgt, seier Hagen.

Klar plikt

  • Alle som leverer inn reiserekningar pliktar sjølv å setje seg inn i regelverket. Kvar og ein har sjølv ansvaret for reiserekningane som blir levert.

Dette seier ekspedisjonssjef Hans Conrad Hansen i Riksrevisjonen til Bergens Tidende.

Han gjer det også klart at det skal gjerast frådrag for måltider som blir spandert av andre, dersom ein krev diettgodtgjerdsle. Dersom alle måltid er dekt, kan ein ikkje krevje diett.

— Oppgjer ved reise er i stor grad basert på tillit. Den reisande har plikt til å opplyse om det, dersom måltid blir betalt dersom det blir kravd diett.

— Kan det bli aktuelt for Riksrevisjonen å sjå nærare på Krohn Devolds reiserekningar på bakgrunn av det som har kome fram nå?

— Forsvarsbudsjettet er på rundt 30 milliardar kroner. Dei to siste åra har vi dels ikkje godkjend og dels ikkje kunna stadfeste at reknskapen er korrekt. I utgangspunktet blir reiserekningane lite å gå inn i målt mot det totale budsjettet. Eg vil likevel ikkje avvise at det kan vere aktuelt å sjå nærare på dette når vi skal revidere 2005-reknskapen for Forsvarsdepartementet.

Ekspedisjonssjef Finn Melbø i Moderninseringsdepartementet seier til BT at departementet i utgangspunktet lit på at den som leverer reiserekningar, gjev rette og fullstendige opplysningar.

— Arbeidstakaren har plikt til å oppgje det om han får dekt måltid. Det framgår også av sjølve reiserekningsskjemaet som han må fylle ut og underteikne, seier han.

  • Er det aktuelt for Moderniseringsdepartementet å fylgje opp denne saka overfor Forsvarsdepartementet?
  • Vi har ikkje Riksrevisjonen sine oppgåver. Men vi vurderer til eikvar tid om det er behov for klargjering av regelverket, seier Melbø.

Vil ikkje ha gransking

Forsvarsdepartementet har ingen planar om å sjå nærare på reiserekningane til Kristin Krohn Devold.

Ekspedisjonssjef Elisabeth Bødtker Larsen seier at alle reiserekningane blir gjennomgått nøye «i samsvar med etablerte reglar og praksis».

  • Dette gjeld sjølvsagt også for den politiske leiinga. Vi kan i dag ikkje så at det er grunnlag for å setje i verk ekstraordinære tiltak i samband med denne saka, seier Larsen.