VIDAR YSTAD

Offiseren hadde toppklareringa Cosmic Top Secret. Men NSM ville sette klareringa ned til Konfidensielt.

Offiseren klaga til Forsvarsdepartementet etter at Nasjonal Sikkerhetsmyndighet hadde fråteke han klareringa for Cosmic Top Secret og berre gjeve han tilgang til klareringa Konfidensielt.

FD omgjorde

Departementet omgjorde deretter vedtaket til NSM og gav offiseren tilgang til dokument med graderinga Hemmeleg.

Bakgrunnen for saka var at offiseren «hadde forsøkt å skjule en negativ hendelse overfor militærpolitiet og sine overordnede, ved å fjerne spor og forklare seg uriktig. Da etterforskingen ikke lenger etterlot tvil, erkjente han forholdet.»

Dette framgår av årsmeldinga frå Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene, EOS-utvalet.

Ny omgjering

— Etter at EOS-utvalet tok saka opp, har Forsvarsdepartementet omgjort avgjerda si og sett klareringa til Konfidensielt i samsvar med vårt standpunkt, opplyser sjefen for NSM, Jan Erik Larsen, til Bergens Tidende.

EOS-utvalet kom over saka i fjor under inspeksjonsverksemda si og reagerte kontant. I årsmedlinga skriv utvalet:

«Utvalget reagerte på avgjørelsen fordi den ikke syntes å samsvare med klareringsmyndighetenes generelt sett strenge bedømmelse av det å holde tilbake opplysninger som kan ha betydning for klareringsavgjørelsen.»

«Manglende lojalitet»

«Det er opplysningssvikten i seg selv, som tas som et tegn på manglende lojalitet og pålitelighet.»

Utvalet skriv også at det er eit nokså avgjerande skilje mellom klarering for Konfidensielt og klarering for Hemmeleg når det gjeld kva stillingar ein kan stå i, ikkje minst i Forsvaret.

Etter det Bergens Tidende har grunn til å tru, har EOS-utvalet hatt fleire andre klareringssakar «i bakhovudet» under arbeidet med denne saka.

Det gjeld mellom anna Ramsland-saka

Smekk over fingrane

Kontrollutvalet går i rette med departementet og seier at lova ikkje kan lesast slik at det å halde tilbake informasjon til klareringsorganet skal behandlast strengare enn å halde tilbake informasjon overfor andre styresmakter.

Kontrollutvalet uttalar at realitetande i saka «tilsier at saken burde ha vært undergitt samme vurderingsnorm som saker om tilbakeholdelse av informasjon overfor klareringsmyndighetene».

Dette kan ikkje lesast annleis enn som ein klar smekk overfingrane til forsvarsministeren og heile den militærpolitiske leiinga i Forsvarsdepartementet. Den inkluderer også den nytiltrådte forsvarssjefen, Sverre Diesen.

Jan Erik Larsen i NSM seier til Bergens Tidende at han er heilt på line med og glad for EOS-utvalet sine vurderingar i denne saka.

Forsvarsdepartementet hadde ingen kommentarar til denne saka i går.