Tre av dei parlamentariske leiarane på Stortinget, som alle sit i kontrollkomiteen, seier til Bergens Tidende at det er naturleg at kontrollkomiteen drøftar saka på grunnlag av avsløringane i Bergens Tidende før helga.

Opp i komiteen

Frp-formann Carl I. Hagen opplyste i går til Bergens Tidende at han ville freiste å få klart eit brev om saka, som kunne distribuerast til dei andre medlemene i komiteen i går kveld.

Både parlamentarisk leiar Inge Ryan i SV og parlamentarisk leiar Magnhild Meltveit Kleppa i Sp seier til Bergens Tidende at det er naturleg å drøfte saka i komiteen.

Ryan seier, uavhengig av Hagen, at han ønskjer å ta saka opp i komiteen i dag.

Ap-representantane Svein Roald Hansen og Berit Brørby, som også er medlemer av komiteen, er opne for å drøfte saka i komiteen.

— Det kan sjå ut til at Forsvarsdepartementet har ein praksis når det gjeld behandling av reiserekningar som det er all grunn til å sjå nærare på, seier Kleppa til Bergens Tidende.

Provosert

Forsvarsdepartementet si haldning hittil, som har gått ut på at ein ikkje har i sinne å fylgje opp eller sjå nærare på Krohn Devold sine reiserekningar, provoserer politikarane på Stortinget.

Fleire politikarar meiner signaleffekten av å ikkje fylgje opp vil vere svært negativ. Det blir vist til at andre arbeidstakarar ville fått krav om tilbakebetaling.

Også tidlegare regjeringskollegaer av Krohn Devold meiner saka må fylgjast opp.

Laurdag varsla visepresidenten på Stortinget, Carl I. Hagen, at han ville vurdere om det kan vere aktuelt på be Riksrevisjonen gjennomføre ei særskilt gransking av saka.

«Hemmeleg gjest»

I går kunne TV2 Nettavisen fortelje at Kristin Krohn Devold har vore på to middagar med kontreadmiral Atle Torbjørn Karlsvik. Karlsvik har spandert middagane, og late Forsvaret betale.

Ingen av møta framgår av Krohn Devold sine offisielle møtelister. Då er middagane private og gjev neppe grunnlag for å omtale dei som «representasjon».

På reiserekningane har Karlsvik ført opp «Rep. middag. Middag med ledelsen i FD», men ikkje opplyst noko om kven han har møtt.

Korkje FD eller Forsvarsstaben skal heller ha hatt kjennskap til kven Karlsvik spanderte middag på i desse tilfella.

Men i går kunne TV 2 Nettavisen dokumentere at den eine middagen var med Kristin Krohn Devold. Nettavisen sat nemleg på «fotobevis»: bilete av dei to med dato og klokkeslett. Dei var blitt fotografert av andre gjester i lokalet. I det andre tilfellet har ein bartender opplyst at han kjende att dei to som gjester frå ein middag.

Etter dette valde Karlsvik, via advokat Dag Steinfeld, å stadfeste at dei hadde hatt to slike middagar. Den eine 1. desember 2004, den andre, 25. januar 2005.

Denne nye utviklinga vil truleg skjerpe kravet om gransking av habiliteten til Krohn Devold i samband med utnemninga av Karlsvik.