Mot røystene frå regjeringspartia vedtok Kontrollkomiteen i går å gjennomføre høyringar om saka. Stortinget sitt kontrollorgan for dei hemmelege tenestene, EOS-utvalet, har behandla saka i heile tre årsrapportar og retta kraftig kritikk mot departementet.

Saka gjeld avskil av ein avdelingsdirektør i Forsvarets Overkommando i 1999. Han vart først fråteken tryggingsklareringa og misste deretter jobben. Han gjekk til sak mot staten og vann fram i Oslo tingrett i april i fjor. Tingretten kjende oppseiinga ugyldig.

Opplysningsplikta

Krohn Devold har kome med diverse utsegner om saka, dels munnleg dels skriftleg til Stortinget eller Stortinget sine organ.

Kontrollkomiteen skal i dag ha eit saksførebuande møte for å fastlegge opplegget for høyringane. Det første spørsmålet som må avklarast, er om det skal vere opne eller lukka høyringar. Dernest må ein avklare kven som skal kallast inn til høyring.

Siktemålet er å avvikle høyringane i løpet av neste veke for at Stortinget kan behandle saka i løpet av veka deretter.

Bakgrunnen for høyringa er stigande misnøye med måten forsvarsministeren har handtert saka på.

— Kjernespørsmålet nå er om statsråden har ivareteke opplysningsplikta si overfor Stortinget på ei forsvarleg måte. Vi må klarlegge om opplysningane ho har gjeve til Stortinget er rette. Dette handlar også om rettsvernet for tilsette i Forsvaret, og om i kva grad statsråden har endra praksis på bakgrunn av dei feil som er avdekka og den kritikk som har kome til uttrykk i saka, seier leiaren for Kontrollkomiteen, Ågot Valle (SV), til Bergens Tidende.

Opne høyringar

Regjeringspartia, representert ved Høgres Andre Dahl, avviser overfor Bergens Tidende bastant at det kan vere aktuelt med opne høyringar om ei personalsak av denne karakteren.

På den andre sida har saka vore behandla for opne dører i retten.

Komiteleiar Ågot Valle (SV) og Frp-formann Carl I. Hagen, som også sit i komiteen, er overfor Bergens Tidende heilt klare på at høyringane må skje for opne dører.

— Vi skal utøve kontroll med statsråden sine embetshandlingar. Det bør skje heilt ope. Dersom det er slik at statsråden ikkje likar innsyn i korleis ho ivaretek pliktene sine, underbygger det ein mistanke om at hop har noko å løyne. Om Høgre tek det standpunktet at høyringar bør skje bak stengde dører, er det uklokt og misforstått, seier Hagen.

Kjell Engebretsen (A) som er sekretær i komiteen, seier til BT at «vi er forbausa» over at statsråden trekte anken med grunngjevinga «menneskelege omsyn». Det skjedde etter at ho hadde sagt at forsvaret ikkje kunne leve med dommen etter å ha tapt i tingretten.

Vil ha open høyring

Berre dersom avdelingsdirektøren sjølv skulle ynskje stengde dører, meiner Hagen og Valle at det bør vere aktuelt å lukke delar av høyringane.

— Nei, eg er tvert imot for fullt innsyn i saka. Eg reknar med at opne høyringar vil gjere saka krystallklar, seier avdelingsdirektør Owe Ellingsen til Bergens Tidende. Han valde nyleg å stå opne fram etter å ha vore anonym i alle dei åra saka har versert.

— For meg er det aller viktigaste nå å få slege fast at kritikken som EOS-utvalet kjem med, må takast på alvor og etterlevast. Det er spesielt viktig slik verda er i dag, at ein har ei profesjonell tryggingsteneste, som fylgjer spelereglane. Samstundes er det viktig å styrke personvernet tilsvarande, seier Ellingsen.

— Det er viktig at det nå blir rydda opp i Forsvaret og i departementet, seier Ellingsen til BT.

SKAL GRILLES: Forsvarsminister Kristin Krohn Devold må nå møte til grilling i Kontrollkomiteen på Stortinget med bakgrunn i ei omstridd personalsak.
FOTO: SCANPIX