Bakgrunnen er statsråden si handtering av ei personalsak som gjeld ein avdelingsdirektør som fekk sparken i Forsvarets Overkommando. Mannen har arbeidd 37 år i Forsvaret.

Ein samla opposisjon står bak vedtaket om å opne sak, mot protestar frå regjeringspartia i Kontrollkomiteen. Høgre og Krf sine representantar i komiteen tek avstand frå vedtaket om å opne sak.

Regjeringspartia freista å forpurre at det vart opna sak ved å kople inn Stortinget sitt konstitusjonelle kontor. Men resultatet vart ikkje som forventa.

Truleg vil saka medføre opne høyringar. Behandlinga i komiteen vil munne ut i ei innstilling som kjem til behandling i eit samla storting.

Avdelingsdirektøren vart oppsagd i 1999 etter 37 års teneste dels i Forsvaret dels i Forsvarsdepartementet. Han vart sparka etter at han vart fråteken tryggingsklareringa.

Han klaga til Stortinget sitt kontrolluitval for dei hemmelege tenestene, EOS-utvalet. Utvalet tok opp saka, og har vore svært kritisk til departementet si handtering. Mannen gjekk også til sak mot staten. Oslo tingrett kjente i april i fjor oppseiinga usakleg og ugyldig.

Krohn Devold ville ikkje akseptere dommen og anka. Det vart møtt med kvass kritikk i Stortinget. Like før jul trekte ho heilt overraskande anken, etter at avdelingsdirektøren hadde presentert eit omfattandse nytt bevismateriale.

Frp-formann Carl I. Hagen, som sit i Kontrollkomiteen, seier til Bergens Tidende at Frp har vore klar til å opne sak i komiteen sidan før jul. I går kom Ap og SV etter. Også Sp er svært kritisk til måten Krohn Devold har handtert saka.

--Denne saka er ytterst alvorleg, seier Hagen til BT. — Forsvarsministeren har handtert denne saka på ein ytterst merkverdig måte. Vi har mange spørsmål til behandlingsmåten utan at vi har fått fornuftige svar, seier Hagen.

Han legg til at komitefleirtalet har reagert på at Krohn Dedvold i fjor sommar argumenterte sterkt for at ho måtte anke dommen. Ho sa då at Forsvaret ikkje kunne leve med dommen. Ho forklarte også at dommen vart anka etter tilråding frå regjeringsadvokaten.

Saka har vore omtalt i to årsrapportar frå Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene. Det er i seg sjølv eit særsyn. Kontrollutvalet har også kome med kvass og skjerpa kritikk mot departementet etter at årsmeldinga i fjor vart levert. Det er endå meir sjeldsynt.