Kritisk til treårig turnus

Legar kan bli pålagt tre år turnus. - Det er lenge etter seks års utdanning, meiner medisinstudentane.

Divisjonsdirektør Frode Forland i Sosial– og helsedirektoratet (SHdir) seier direktoratet vil gå inn for å leggje ned turnusordninga. Dette opplyste han i innlegget sitt på konferansen til Nasjonalt Senter for Distriktsmedisin (NSD) i Bodø torsdag, skriv Dagens Medisin.

Treårig turnus
Eit nytt forslag med treårig turningsordning blir formelt kjent i morgen.

Direktoratet foreslår i staden eit treårig løp, som går ut på at turnuslegen skal vere eitt år i sjukehus, eitt år i kommunal helseteneste, og dessutan eit halvt år i psykiatri og eit halvt år som skal vere valfritt.

Kritisk
- Ei dobling av tida var overraskende på mange. Dersom denne ordningen inneber meir flytting vil me vere kritisk til den auka belastninga på dei som skal gå i gjennom tenesten, seier Einar Vie Sundal, leiar i Norsk Medisinstudentforening.

Han påpeikar at medisinforeninga vil sjå nøye på rammene når forslaget blir offentleg.

- Tre år er lang tid etter ei seksårig utdanning. Det skal vere eit veldig bra opplegg for at me skal kunne akseptera ei så lang obigatorisk teneste, sier Sundal.

Kom som ei bombe
- Vi visste at SHdir ville kome med radikale forslag, men at det skulle vere så radikale endringar som dette, ante vi ikkje, seier visepresident i Legeforeininga, Bård Lilleeng.

Han seier Legeforeininga ikkje kjende til dette før det blei presentert som ein «bombe» på konferansen i Bodø torsdag.

- Legeforeininga kan godt vere med på å evaluere tenesta – men ikkje på å eliminere henne, var Lilleengs reaksjon på forslaget.

Turnuslege er ein tittel for ein lege som gjennomfører ei pålagt praksistid/turnusteneste etter avslutta utdanning. Alle legar som vert utdanna i Noreg i dag må gjennomføre eitt og eit halvt år som turnuslege før dei får endeleg autorisasjon som lege.

Turnustenesta består i dag av eitt år på sjukehus, følgd av eit halvt år som allmennlege.

Kva synest du om ei avvikling av turnusordninga? Sei di meining her!

Les også

Siste fra Innenriks

Helsedirektøren røpet Utøya-info

Helsedirektøren ga ut informasjon om omkomne fra Utøya, i strid med politiets ønske.

Dagmar og Berit ga
nedtur for Gjensidige

Resultatet før skatt endte på 898 millioner kroner.

- Mang et bro- og tunnelprosjekt er blitt til på nachspiel

Frank Aarebrot mener det er blitt mer fyll i norske partier.

Nye nødpass kan bli dobbelt så dyre

Nødpasset skal erstattes av ekspresspass, men slumsete nordmenn som trenger pass i en fei, må belage seg på en dobling av prisen.

Drammen vil kan bli religionsnøytral

I Drammen kan kirken miste ansvaret for begravelser, og kirkebyggene kan bli færre. Kommunen vil gjøre byen religionsnøytral.

- Solum Larsen skjenket 17-åringen

Helge Solum Larsen ga spritholdige drinker til den 17 år gamle jenten som har anmeldt ham for voldtekt.

Relaterte bilder

VIL AVVIKLE TURNUSTENESTA: Sosial- og helsedirektoratet vil avvikle dagens turnusteneste og erstatta ho med treårig turnus. Illustrasjon: Scanpix

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger