Divisjonsdirektør Frode Forland i Sosial– og helsedirektoratet (SHdir) seier direktoratet vil gå inn for å leggje ned turnusordninga. Dette opplyste han i innlegget sitt på konferansen til Nasjonalt Senter for Distriktsmedisin (NSD) i Bodø torsdag, skriv Dagens Medisin.

Treårig turnus

Eit nytt forslag med treårig turningsordning blir formelt kjent i morgen.

Direktoratet foreslår i staden eit treårig løp, som går ut på at turnuslegen skal vere eitt år i sjukehus, eitt år i kommunal helseteneste, og dessutan eit halvt år i psykiatri og eit halvt år som skal vere valfritt.

Kritisk

— Ei dobling av tida var overraskende på mange. Dersom denne ordningen inneber meir flytting vil me vere kritisk til den auka belastninga på dei som skal gå i gjennom tenesten, seier Einar Vie Sundal, leiar i Norsk Medisinstudentforening.

Han påpeikar at medisinforeninga vil sjå nøye på rammene når forslaget blir offentleg.

— Tre år er lang tid etter ei seksårig utdanning. Det skal vere eit veldig bra opplegg for at me skal kunne akseptera ei så lang obigatorisk teneste, sier Sundal.

Kom som ei bombe

— Vi visste at SHdir ville kome med radikale forslag, men at det skulle vere så radikale endringar som dette, ante vi ikkje, seier visepresident i Legeforeininga, Bård Lilleeng.

Han seier Legeforeininga ikkje kjende til dette før det blei presentert som ein «bombe» på konferansen i Bodø torsdag.

— Legeforeininga kan godt vere med på å evaluere tenesta – men ikkje på å eliminere henne, var Lilleengs reaksjon på forslaget.

Turnuslege er ein tittel for ein lege som gjennomfører ei pålagt praksistid/turnusteneste etter avslutta utdanning. Alle legar som vert utdanna i Noreg i dag må gjennomføre eitt og eit halvt år som turnuslege før dei får endeleg autorisasjon som lege.

Turnustenesta består i dag av eitt år på sjukehus, følgd av eit halvt år som allmennlege.

Kva synest du om ei avvikling av turnusordninga? Sei di meining her!

VIL AVVIKLE TURNUSTENESTA: Sosial- og helsedirektoratet vil avvikle dagens turnusteneste og erstatta ho med treårig turnus. Illustrasjon: Scanpix