Departementet har nå fått pålegg om å vurdere saka på ny. Saka gjeld det omstridde salet av det tidlegare statseigde investeringsselskapet, SND Invest.

Denne saka vart i fjor vår granska av Kontrollkomiteen på Stortinget. Granskinga munna ut i sterk kritikk mot dåverande næringsminister Ansgar Gabrielsen (H). Det enda med at han fekk eit såkalla daddelvedtak mot seg. Det innebar at Stortinget meinte han hadde opptredd klanderverdig.

Seksdobla pris

Bergens Tidende ba i april i fjor om innsyn i ei rad dokument som galdt tilbod frå advokatar og meklarar som ynskte å konkurrere om oppdrag ved sal av SND Invest. Næringsdepartementet avslo å gje innsyn i alle pristilboda.

Departementet hevda å ha teieplikt om opplysningane og hevda det galdt forretningstilhøve som det var viktig å halde løynt av omsyn til konkurransen.

Det høyrer med i samanhengen at advokatoppdraget vart meir enn seks gongar så dyrt som det departementet hevda å ha rekna med då oppdraget vart tildelt. Oppdraget gjekk til firmaet Steenstrup Stordrange.

Bergens Tidende klaga avslaget inn for Sivilombodsmannen, som tok saka under behandling.

Sidan har både departementet, Advokatforeningen, som vart kopla inn, og fleire av advokatselskapa engasjert seg sterkt mot å gje innsyn i saka.

Etter langvarig saksbehandling har Sivilombodsmannen nå konkludert med at departementet på nytt må vurdere om krava i lova for å nekte innsyn er til stades.

— Kjempebra

— Dette er kjempebra, seier generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening i ein spontan kommentar til avgjerda og premissane frå ombodsmannen.

— Uttalen frå ombodsmannen vil ha stor innverknad ikkje berre på handhevinga av det lovverket vi har i dag. Den må også verke inn på utforminga av den nye offentleglova som Stortinget nå har fått til behandling. Det gjeld både handtering og innhenting av dokument for den interne saksbehandlinga og for dokument i anbodssaker, seier Øy.

Øy meiner at ombodsmannen gjennom premissane sine, gjev viktige føringar for korleis den nye lovteksten bør utformast.

«Prinsipielt utilrådeleg»

Ombodsmannen skriv at «det er prinsipielt utilrådeleg å halde løynt innhaldet i avtalar som det offentlege gjer med private om tenester som private skal gjere for det offentlege. Innsyn og openheit er særs viktig i slike tilhøve. Det er viktig for etterkontroll og for at dei som gjer krav på oppgjer, kan stå til ansvar for det dei krev og for at dei som skal betala ut for det offentlege, kan ha tryggleik for at det dei betalar ut av offentlege midlar står i rett høve til det arbeidet som er gjort.»

Han slår fast at det må påvisast «tungtvegande, nærliggjande, konkrete og etterviselege tilhøve» som viser at innsyn i desse forholda er skadeleg for konkurransetilhøva, for å kunne akseptere innsynsnekt. Han viser til at det er slike krav lova stiller opp.

Kritisk

Ombodsmannen er ikkje imponert over dei utgreiingane og svara Næringsdepartementet har servert. Han stiller spørsmålsteikn ved om avslaga bygger på slike vurderingar som lova krev.

Han påpeikar at korkje departementet eller Advokatforeningen har konkretisert kvifor det er «av konkurransemessig betydning å hemmeligholde» timesatsane advokatane opererte med, lenge etter at oppdraget var tildelt og oppgåvene utførd.