Avgjerda frå ombodsmannen kjem meir enn to år og to månadar etter at Bergens Tidende klaga Utanriksdepartementet inn for Stortingets ombodsmann for forvaltninga.

Nekta innsyn

Bergens Tidende klaga etter at UD hadde nekta BT innsyn i alle 22 dokumenta om Vardø-radaren som fanst i UD sin elektroniske postjournal.

Det avsluttande brevet frå ombodsmannen er på heile 19 sider. I brevet skriv ombodsmannen mellom anna:

«Etter min gjennomgang og undersøkelse av saken, har jeg funnet grunn til å sette spørsmålstegn ved departementets innsynsavslag knyttet til flere av de aktuelle dokumentene som er unntatt offentlighet.»

Ein gjennomgang av saka syner at ombodsmannen er kritisk til UD sine vurderingar og avgjerder for 10 av dei 22 dokumenta. Det gjeld sjølv om fleire av dokumenta er graderte etter «beskyttelsesinstruksen» eller «sikkerhetsinstruksen».

Ikkje rettsleg grunnlag

«Det gir grunnlag for kritikk at avslaget på innsynsbegjæringen ble gitt med henvisning til en hjemmel som åpenbart ikke gav rettsleg grunnlag for avgjørelsen.»

Ein stor del av dei dokumenta denne saka gjeld, er notat og referat frå møte norske styresmakter har hatt med russiske diplomatar og amerikanske styresmakter.

BT gjorde under klagebehandlinga gjeldande mellom anna at det måtte vere dårleg samsvar når styresmaktene nekta dokumentinnsyn samstundes som dei hevda at radaren skulle nyttast til å observere romskrot.

Døme på avslag

Eit av dei dokumenta det vart nekta innsyn i, var eit førebels referat av kva forsvarsministeren hadde opplyst i Stortinget, under eit ope møte. Det er referat som elles alltid er fritt tilgjengeleg i Stortinget så snart det er skreve.

Eit anna dokument det vart nekta innsyn i, var utkast til «beredskapspunkter», utarbeidd i UD 1. desember 1999, til bruk for utanriksministeren og oversendt også til Forsvarsdepartementet.

Den andre halvparten av dokumenta har ombodsmannen ikkje innvendingar mot at UD har nekta innsyn i.

Må vurdere innsyn på ny

Ombodsmannen oppmodar nå departementet vurdere avslaga på ny i lys av dei merknadane han har kome med.

Det inneber at UD må vurdere innsynskravet frå BT på ny for kvart einskild dokument.

Ombodsmannen slår ned på bruk av feil heimlar for å nekte innsyn for fleire av dokumenta.

På fleire punkt er kritikken mot UD heilt klar, som til dømes dette:

Eineståande sak

Saka er einestånde på fleire måtar. For det første har saka to gongar vore behandla av Kongen i statsråd. Begge gongane galdt det ombodsmannen sitt krav om innsyn i dokumenta som han først ikkje fekk sjå. Saka vart avgjort ved at berre ombodsmannen personleg skulle få sjå dokumenta. Det nekta ombodsmannen å avfinne seg med sidan det ville bety eit sterkt inngrep i ombodsmannen sine krav til eiga saksbehandling. Han bad om møte med statsministeren og utanriksministeren om saka. Etter møte med utanriksministeren gav regjeringa etter. Saka måtte på ny fram for Kongen i statsråd der det vart bestemt at to medarbeidarar ved ombodsmannen sitt kontor også skulle få innsyn i dokumenta.

Tre nye klagesaker

For det andre har denne saka resultert i tre nye klagesaker frå BT som ombodsmannen har teke opp til behandling.

To av desse klagesakene har endt med klar kritikk frå ombodsmannen. Den eine galdt manglande journalføring av ei rad dokument om radar-saka både i UD og i Forsvarsdepartementet. Den andre galdt nekting av innsyn i noteveksling mellom UD og Justisdepartementet i spørsmålet om Sivilombodsmannen skulle få innsyn i radardokumenta.

Den tredje saka har ombodsmannen ikkje kunna ferdigbehandle sidan justisminister Odd Einar Dørum, med støtte frå regjeringa, har nekta ombodsmannen dokumentinnsyn. Ombodsmannen har reagert med å innrapportere forholdet til Stortinget. Denne saka ligg nå til behandling i Kontrollkomiteen.

Fakta: Vardø-radaren

  • I februar 2000 hadde Bergens Tidende ei rad artiklar om ein ny amerikansk radar som var under bygging i Vardø.
  • Det vart stor strid om kva radaren skulle eller kunne brukast til: til å overvake «romskrot» slik forsvarsminister Dag Jostein Fjærvoll hevda, eller til bruk i USA sitt stjernekrigskrogram, slik amerikanske ekspertar hevda.
  • Bergens Tidende bad om innsyn i alle dokumenta som Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet hadde om saka.
  • Det vart avslag over heile lina. Dokument som ikkje hadde vore unnteke, vart unnteke frå innsyn, då BT bad om innsyn.
    1. februar 2000 klaga Bergens Tidende UD inn for Stortinget sin ombodsmann for forvaltninga, for å ha nekta innsyn i alle dokumenta i saka.
    • Det er avgjerd på denne klagen som nå ligg føre.