I fleire parti er det irritasjon over at Bondevik-regjeringa har valt å køyre fram Kristin Krohn Devold utan å informere partia på Stortinget.

Ved lansering av norske offisielle kandidatar til internasjonale stillingar er det normale at den sittande regjeringa informerer opposisjonen og får godkjenning for den kandidaten ein tenkjer å lansere. Det har ikkje skjedd i dette tilfellet.

— Overrraska

— Eg er overraska over at regjeringa ikkje har orientert partia på Stortinget før dette kandidaturet vart lansert. Det er godt mogeleg at Kristin Krohn Devold er ein skikka kandidat, men det styrkar ikkje posisjonen hennar at ein ikkje har drøfta kandidaturet hennar med heile det politiske miljøet før ho vart køyrd fram.

Dette seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, til Bergens Tidende. Ho var statsråd i Bondevik I-regjeringa.

— Eg saknar også ei grunngjeving for kva som er målet for Noreg med å satse på å få generalsekretærstillinga. Målet, kva ein vil med stillinga, må vere viktigare enn å få stillinga. Nå har regjeringa starta i feil ende, sier Arnstad.

- Ikkje orientert

Også Arbeidarpartiet er overraska over at regjeringa ikkje har orientert om Krohn Devold sitt kandidatur. Til Bergens Tidende seier Marit Nybakk, som leier Forsvarskomiteen:

— Arbeidarpartiet er ikkje blitt orientert på noko nivå om at det er nokon offisiell norsk kandidat til denne stillinga. Det har vore fast praksis å orientere opposisjonen før offisielle kandidatar blir lansert, seier Nybakk.

- Meir kritisk til USA

SV-leiar Kristian Halvorsen er også kritisk. Til Bergens Tidende seier ho:

— Det ville ha vore klokt om Regjeringa hadde orientert dei politiske partia før ein gjekk ut og lanserte ein slik kandidat.

Når det er sagt, trur eg at Kristin Krohn Devold er like godt kvalifisert som nokon av dei andre kandidatane som er lansert.

— Samstundes må eg seie at eg ikkje ser noko behov for å få ein norsk generalsekretær i NATO. Men eg skulle gjerne hatt ein kandidat som har større avstand, er meir kritisk til USA enn det Kristin Krohn Devold openbert er, seier Kristin Halvorsen.