EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

— Barna får lagnaden til familien lagt på skuldrene sine. Det er eit altfor tungt ansvar å påføre dei, seier stortingsrepresentant Ågot Valle (SV).Nazaani er dotter til Susan Jafari, som har søkt om politisk asyl i Noreg. Kvinna arbeidde som sekretær for ein redaktør som måtte flykte frå Iran, og meiner sjølv ho vil bli arrestert om ho må vende attende.

Utlendingsdirektoratet (UDI) ønskte å sende henne ut av landet, og saka vart anka inn for den nyoppretta Utlendingsnemnda. Etter sjølv å ha forklart seg for nemnda i april, må ho i morgon møte på nytt saman med sonen Pejman (10) og dottera Nazaani (14). Nemnda ønskjer å høyre også barnas versjon av historia.

- Forferdeleg press Ågot Valle har sendt brev både til Barneombodet, barne- og familieministeren og kommunal- og regionalministeren om saka.

— Det er viktig å høyre kva barna meiner. Men det må gå an å få dei i tale på ein annan måte enn ved å kalle dei inn for sjølve nemnda. Barn blir heller ikkje kalla inn til rettssaker, seier Valle.

Ifølgje Kåre Bakken, som har engasjert seg sterkt i asylsakene til fleire kvinner som er busett på Vestlandet, er 14 år gamle Nazaani sterkt prega av det ho skal igjennom i morgon.

— Ho har teikn til byrjande magesår, og føler eit forferdeleg press, seier Bakken.Ingen retningslinjer

Ingen retningslinjer Direktør Terje Sjeggestad i Utlendingsnemnda har ikkje gitt generelle retningslinjer for korleis nemnda skal behandle barn.

— Men vi ser at dette er ei viktig problemstilling, og vi skal i neste veke ha eit møte med Barneombodet og Redd Barna for å diskutere blant anna dette, seier Sjeggestad. Han legg vekt på at nemnda ønskjer å høyre barnas versjon i større grad enn det som har vore vanleg før, og opplyser at fullmektigen til iranske Jafari også har ønskt dette.

— Kvar enkelt nemndleiar står i dag fritt til å bestemme om barn skal kallast inn. Eg vil ikkje ha noko formeining om det er grunnlag for å lage generelle retningslinjer seinare, seier Sjeggestad.