VIDAR YSTAD

Måndag 30. august må statsråden møte til lukka tryggingshøyring i forsvarskomiteen. Også forsvarssjef Sigurd Frisvold må møte.

Komitéleiar Marit Nybakk frå Ap seier til Bergens Tidende at ho vil avvente forklaringane frå statsråden under høyringa før ho trekkjer konklusjonar. Men ho strekar under at ho ser svært alvorleg på situasjonen.

— Brot på budsjettvedtak

— Det som nå har kome for dagen, er endå eit døme på at Forsvaret og Forsvarsdepartementet ikkje har styring med økonomien. Vi kan også nå konstatere brot på budsjettvedtak, seier Nybakk.

Det er særleg konsekvensane av innsparingane i Sjøforsvaret som har fått opposisjonen, som utgjer stortingsfleirtalet, til å reagere.

Nå meiner fleire av opposisjonspolitikarane at tabbekvoten er brukt opp og at Krohn Devold bør overlate taburetten til andre.

Opposisjonen slår nå i bordet med Forsvarsdepartementet sin eigen budsjettproposisjon frå i fjor haust.

- Forstår ikkje alvoret

Opposisjonen meiner dette står i grell kontrast til ordren om å legge operative marinefartøy til kai for å spare pengar.

— Når ho nå prøver å avdramatisere og bagatellisere situasjonen, og seier at ho ikkje har tid til å møte komiteen, betyr det at ho umogleg kan forstå kor alvorleg situasjon ho nå er i, seier stortingsrepresentant Per Ove Width (Frp) til Bergens Tidende.

— Forsvarsministeren har tidlegare uttala at ho manglar oversikt og kontroll. Då vart det sagt i eit underhaldningsprogram, men nå har ho til fulle demonstrert at det er den faktiske situasjonen, seier Width.

— Etter alle dei tabbane ho har gjort, bør ho nå alvorleg vurdere om ikkje tida er inne for å overlate plassen til ein annan. Tabbekvoten bør nå vere brukt opp, legg Width til.

- Ap vernar statsråden

— Kva er etter ditt syn grunnen til at statsråden overlever?

— Det er eit godt spørsmål. Mi vurdering er at det kjem av at Ap og regjeringspartia har eit formalisert samarbeid som også inneber at dei vernar forsvarsministeren. Eg har merka meg at leiaren i forsvarskomiteen, Marit Nybakk frå Ap, ikkje har kritisert forsvarsministeren direkte for situasjonen i Sjøforsvaret. I staden har ho retta skytset mot forsvarssjefen trass i at det er forsvarsministeren som har det øvste ansvaret. Det er ganske godt gjort. Det er ein illustrasjon på at statsråden og komitéleiaren har eit tett samarbeid, seier Width.

Kritisk Sp-leiar

Marit Arnstad, som er parlamentarisk leiar i Sp og medlem av forsvarskomiteen, seier til Bergens Tidende at ho ikkje vil krevje statsråden sin avgang i dag.

— Sp stør kravet om ei høyring. Det er heilt på det reine at rekneskapsrotet er omfattande og at økonomien er ute av styring. Men ansvaret må regjeringa dele med Ap, seier Arnstad.

— Statsråden har måtta svare for mange store tabbar. Det er tydeleg at statsministeren har akseptert nokså mykje frå denne statsråden, seier SV sin talsmann i forsvarskomiteen, Kjetil Bjørklund, til BT.

PRESSA FORSVARSMINISTER: Kristin Krohn Devold får nok ein gong ramsalt kritikk frå oposisjonspolitikarar i Stortinget.<p/> ARKIVFOTO: SCANPIX