— Eg skal meir enn gjerne tilstå at eg har fått eit anna syn etter kvart på regjeringssamarbeidet, sett frå eit SV-synspunkt. Det er all grunn til å halda fram, sjølv om gallupen er dårleg for oss, seier Jacobsen som er leiar av Bergen SV.

— Ja visst har vi oppnådd mykje, ikkje minst innan kommuneøkonomien. Og i utanrikspolitikken likeså. Sjå berre på palestinarsaka no! legg Oddny Miljeteig til. Ho er partiets leiar i bystyregruppa.

Begge dei to lokalpolitikarane drog til SV-landsmøtet i spenning. Dette er det første landsmøtet etter regjeringsskipinga hausten 2005. Men dei seier til Bergens Tidende at dei i store trekk er nøgde med det SV har oppnådd. Skrytelista på 500 saker som er vunne på like mange dagar er prov godt nok.

Utålmodige

Men ikkje alt er fryd og gaman. Jacobsen seier det slik:

— Vi kan absolutt ikkje seia oss nøgde med resultata i kampen mot fattigdomen her til lands. Her er meir å gjera. Det same gjeld i miljøpolitikken. Vi må halda fram med å vera utålmodige.

Miljeteig stikk ikkje under stol at det har vore harde nedturar i dette halvanna året som regjeringsparti. Både soldatar til Afghanistan og Mongstad-saka var smertefulle. Verst var det å gå med på å byggja gasskraftverk på Mongstad med lang ventetid før fullskala rensing er på plass.

— Det var tøft å få den saka rett i fleisen, seier ho.

For nøgd med seg sjølv?

— Er det ikkje ein fare for at SV kan bli litt for nøgd med seg sjølv som regjeringsparti?

— Jau, risikoen er der, svarar Jakobsen. Han er heller ikkje framand for tanken at leiinga i partiet kan bli litt for lik og einsarta. Det er grunnen til at han ønskjer Ingrid Fiskaa som ny nestleiar.

— Leiinga treng med andre ord ein djevelens advokat?

— Vel, kanskje vi har bruk for ein Georg Johannessen litt i magen..., seier Jacobsen og humrar.

Oddny Miljeteig: - Eg er ikkje så redd, så lenge vi har ein så aktiv ungdomsorganisasjon. SV er og skal vera eit systemkritisk parti, og det er det viktigaste, seier ho.

— Var det rett av partileiaren å bli finansminister i tillegg?

— Absolutt, svarar dei to bergenspolitikarane i kor.