SV-leiar Kristin Halvorsen valde Erna Solbergs heimby til å lansere partiet som Høgres hovudmotstandar til valet i 2005.

— Vi skal vere Ernas største utfordrar, sa ho til jublande partifellar under årsmøtet til Hordaland SV i går.

Det at Erna Solberg etter alt å dømme blir ny leiar i Høgre, ser Halvorsen som ein fordel for SV.

— Eg trur det kan bli meir polarisering i norsk politikk. Det er frigjerande når Erna seier at «kommunane treng ikkje meir pengar». Ho er klar i talen, seier Halvorsen, som meiner dei kan vippe Arbeidarpartiet ut av posisjonen som hovudmotstandar gjennom klarare tale i sentrale spørsmål som kommuneøkonomi og pensjonsreform.

Pensjonar blir hovudsak

SV-leiaren tok for seg to tema i talen til fylkeslaget: Norsk utanrikspolitikk og pensjonsreforma. Båe desse tema trur Halvorsen kan bli gode saker for partiet i stortingsvalet neste år, saman med skule og utdanning.

Mest tid brukte ho på pensjonsreforma, ei sak som óg engasjerte fylkeslaget i ordskiftet som følgde. SV vil ha ein betre fordelings- og kvinneprofil, og har ikkje slutta seg til fleirtalet i pensjonskommisjonen.

Halvorsen har lenge tatt til orde for at saka bør bli ein del av valkampen i 2005, noko statsminister Kjell Magne Bondevik har stempla som populisme. Han og regjeringa vil at Stortinget skal avgjere framtidas pensjonssystem i god tid før valkampen kjem i gang neste år.

Halvorsen meiner pensjonssaka er alt for viktig for ein slik ekspressbehandling.

— Det er millionar av menneske som er samde med oss. Då kan ein ikkje gjere som Bondevik, å halde saka unna valkampen og veljarane. Vi kan ikkje ha den haldninga til politikk, seier Halvorsen, som trur ikkje regjeringa vil lykkast.

Ho reknar med at saka er så viktig at partia må ta stilling til den på sine årsmøte våren 2005, og då er det allereie valkamp.

Meir realistisk SV

Både Halvorsens tale og ordskiftet etterpå bar preg av at eit nytt alvor har sige inn i SV. Partiet gjer det godt på meiningsmålingane og vil ha regjeringsmakt.

— 2004 blir kanskje SVs mest avgjerande år. Vi må sørgje for at vi vinn stortingsvalet i 2005. Den langsiktige trenden er at Arbeidarpartiet er på veg ned og vi på veg opp. Vår jobb er å sørgje for at det ikkje blir eit blaff, sa Halvorsen.

Fleire innlegg frå salen bar óg preg av at SV no ønskjer å bli oppfatta som meir ansvarleg.

— Vi må velje. Vi har ein tendens til å bli alle gode sakers parti. Vi må avgrense kva vi skal gjere i neste stortingsperiode. Det er ikkje spesielt radikalt å vere for alt, sa delegat Jørgen Melve frå Bergen.

Ein viktig sak som har samla troppane i SV er utanrikspolitikken til USA etter 11. september, med krigen mot Irak som fremste døme. I tillegg til å samle partiet, ser Halvorsen den breie folkelege motstanden i Norge mot Irak-krigen som ei sak som kan skaffe SV mange nye veljarar.

Ebbing klar for Ap

Eit teikn på samlinga i SV er at Halvorsen avslutta sine sluttkommentarar etter ordskiftet med å seie seg heilt samd med Hans Ebbing. Ebbing har vore den uformelle leiaren for venstresida i partiet, dei såkalla «museumsvaktarane».

No er han óg klar for regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet, sjølv om han vil røve veljarane deira.

— Vi må stele så mange stemmer frå Arbeidarpartiet ved neste val at dei er nøydde til å gå i forhandlingar med oss, sa Ebbing.

Noko Halvorsen altså ikkje hadde problem med å slutte seg til.

<b>DRAUMEMOTSTANDAR:</b> SV-leiar Kristin Halvorsen gler seg over at den klart profilerte Erna Solberg etter alt å dømme blir ny leiar i Høgre. <br/>Foto: Jan M. Lillebø