731.000 oppdrettslaks og –aure rømde frå norske oppdrettsanlegg i fjor. Det er verre enn i 2002, då høge rømingstal fekk oppdrettsnæringa til å love bot og betring.

Både i 2003 og 2004 gjekk utviklinga i rett lei og talet på rømt aure og laks sokk til 450.000 fiskar.

Men fjor gjekk det gale, og med 148.000 rømt oppdrettstorsk i tillegg fryktar oppdrettsnæringa for omdømmet og ber om hjelp.

– I erkjenninga av at vi ikkje i tilstrekkeleg grad har lukkast i kampen mot lakserømminga har vi no invitert til eit stort felles løft for å få nye tankar og handlingar inn i arbeidet med å kjempe mot rømming, seier nestleiar Tarald Sivertsen i oppdrettarorganisasjonen FHL Havbruk i ei pressemelding.

Oppdrettarane har invitert både Verdens Villmarksfond (WWF), forsikringsnæringa, Direktoratet for Naturforvaltning og Fiskeridirektoratet med i arbeidet og vurderer også å be med Norges Jeger og Fiskerforbund.