— For meg er det fullstendig ubegripeleg. Eg nektar å tru at dette blir ståande, seier ordførar Arve Helle (Ap) om statsbudsjett-framlegget.

Den nyvalde ordføraren fekk seg litt av eit sjokk då gjennomgangen av statsbudsjettet viste at tilskotet på 21,5 milllionar er nær halvert for neste år. UWC ligg på Hauglandssenteret ved Flekke, eigd av Norges Røde Kors. Skulen er nær knytta opp mot eit rehabiliteringssenter på same område.

Helle legg ikkje skjul på at dei to er gjensidig avhengige av kvarandre. Ryk det eine, kan det andre også stå for fall. I så fall står det om arbeidsplassane for 100 tilsette. Det er nest største arbeidsplassen i Fjaler, etter kommunen sjølv.

Til Bergens Tidende seier Helle at dei no vil gå på opposisjonspartia, for å få dei til å legge dette samla inn i statsbudsjettet.

UWC-direktør Magne Bjergene meiner alt anna enn offentleg finansiering er utelukka.

— Nettopp måten dette er gjort på, og profilen med å ta inn studentar frå fattige land som får utdanninga gratis, er grunnen til at Røde Kors er så sterkt inne. Trekkjer Norge seg no ut, trur eg det vil bli svært vanskeleg å få dei andre nordiske landa til å vere med vidare. Då ser eg mørkt på framtida, seier Bjergene.