TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

— Vi har ønskt hjelp frå ein erfaren etterforskar for å kvalitetssikre arbeidet vi har gjort, og få nye innfallsvinklar til den vidare etterforskinga, seier lensmann Haavard Stensvand til Bergens Tidendes nettutgåve.

Sogndal-lensmannen avviser at det er nye opplysningar som gjer at Kripos har komme til sognebygda.

— Vi har ingen spor som tilseier at ei kriminell handling ligg bak forsvinninga.

Den sakna Ole Ivan Rørvik vart sist sett då han forlet studenthuset Meieriet i Sogndal sentrum like før midnatt laurdag 24. februar. Der og då sluttar alle spor etter ungdomen frå Askvoll.

Etter at Ole Ivar Rørvik vart meld sakna, har det vore leita bortimot kontinuerleg etter han. Politiet har innstilt sin leiteaksjon, men held fram med den taktiske etterforskinga. Røde Kors i Sogndal vil halde fram med å søkje etter den sakna ungdommen.