Flygaren opplevde landingsplassen på Hardangervidda som «krevende», går det fram av Havarikommisjonens rapport som vart offentleggjort i dag – snart fire år etter ulykka på Øvre Krokavatn på Hardangervidda.

Vindkast

Sjøflyet frå selskapet Fjellfly hadde landa på Valgardvatn og tok av halv seks om kvelden 18. august for hente ein passasjer ved Øvre Krokavatn.

Verforholda var gode, men ifølgje flygaren kom det eit vindkast som «ødela all margin», og som førte til at han måtte gjere ein kraftig sving for unngå eit kaiområde.

Etter ca. 30 meter på vatnet trefte den eine flottøren ein stein og begynte å ta inn vatn. Dermed tippa flyet framover. Då flyet køyrde på grunn, tippa flyet heilt rundt – og opp ned i setet kunne flygaren løyse setebeltet og klatre uskadd ut.

Flygaren var erfaren og ifølgje Havarikommisjonen godt kvalifisert for oppdraget, men «marginene ble for små». Dei vanskelege landingsforholda hadde vore eit samtaleemne blant flygarane som opererte i området.

Mangelfullt

Selskapet Fjellfly har i dag skifta namn og har siste to åra opererert under namnet Scan Aviation frå Sola, Stavanger.

Scan Aviation sine fly og helikopter har nyleg fått flyforbod etter at Luftfartstilsynet fann brot på fleire tekniske prosedyrar og mangelfullt teknisk vedlikehald. Suspensjonen har ingen samanheng med havariet på Hardangervidda i 2005.

Det har ikkje lykkast bt.no å kome i kontakt med flygaren eller representantar for Scan Aviation.