I Bergens Tidende i går kunne ein lese om eit firma som tilbyr handverkartenester til 170-190 kroner timen. Firmaet er dreve av ein litauisk statsborgar og med austeuropeisk arbeidskraft.

Timeprisen er den halve av kva norske handverkarar med meisterbrev, krev for same jobben.

— Stort politisk spørsmål

— Vi er ikkje overraska. Vi har sett langt verre tilfelle enn dette. Vi åtvara regjeringa mot denne utviklinga alt i 2003, før utvidinga av EU. Men regjeringa med statsråd Erna Solberg i spissen, har vendt det dauve øyret til, seier LO-sekretær, Ellen Stensrud, til Bergens Tidende.

— Dette handlar ikkje om eit forbrukspolitisk spørsmål. Det vi her ser, gjeld spørsmål som grip inn i heile yrkeslivet vårt: det gjeld kompetanse og yrkesutdanning. Det er eit stort politisk spørsmål som også inneber og krev eit politisk ansvar både hjå regjeringa og i NHO, seier Stensrud.

Frå dagens regjering ventar Stensrud og LO seg ingen ting og tek sterkt til orde for eit regjeringsskifte til hausten:

— Vi har jamvel ein statsminister som har hylla utkastet til det sterkt omstridde tenestedirektivet i EU.

Allierte

— Retorikken frå regjeringa ved statsråd Solberg og NHO er lik: Dei har gjeve uttrykk for at dei ønskjer «sunn konkurranse». Men dette handlar ikkje om «sunn konkurranse». Det opplever dei norske bedriftene som blir råka, sterkt, og det innser nå stadig fleire av bransjeforeiningane i NHO. Bedriftene blir for det første utkonkurrert i konkurranse om oppdrag, for det andre må dei gå til permitteringar og oppseiingar, seier Stensrud og held fram:

— Bransjeforeiningane blir nå i større og større grad allierte med fagforeiningane. Vi har heldigvis også sett at forståinga av problema har ført til at store entreprenørverksemder som NCC og Veidekke har teke konsekvensen ved å krevje tariffløn for alle som skal arbeide på deira arbeidsplassar. Troms fylke har også knesett dette som prinsipp for oppdrag for fylket, seier Stensrud.

Sosial dumping

LO-leiar Gerd Liv Valla tok under opningsforedraget sitt på LO-kongressen i går, sterkt til orde for tiltak mot sosial dumping:

-Vi godtek ikkje at utanlandsk arbeidskraft blir brukt i eit spel for å undergrave løns- og arbeidsvilkåra til medlemene våre. Vi godtek ikkje at griske arbeidsgjevarar skaffar seg kjempeforteneste mens dei tilsette må nøye seg med smular, sa Valla.

Ho trykte direktøren i Servicebedriftenes landsforening, Petter Furulund, til sitt bryst då ho refererte kva han har sagt om tilstandane i dag med underbetalt utanlandsk arbeidskraft: «Dette er eit eldorado for kjeltringar».

- NHO-paradoks

Stensrud meiner det er eit paradoks at NHO til no har hatt ei så passiv haldning til desse problema all den tid fleire av bransjeforeiningane er sterkt uroa.

— Kor lenge greier NHO å halde loket på kjelen, før trykket nedanfrå blir for stort? Spør Stensrud.

— Kva har du å seie til NHH-professoren som seier at løysinga ligg i at norske handverkarar må bli billigare?

— Då spør eg: Er det den einskilde snekkaren, eller rørleggaren som må gå ned i lønn?, er det firmaet som må redusere fortenesta? Eller er det materialane som blir nytta som må bli billigare?

- «Billig» argument

— Dersom det er handverkaren som skal gå ned i lønn, så er det dette å seie at einkvar har ei lønn som er tilpassa utgiftsnivået her i landet. Skal han legge om levesettet sitt for å kunne konkurrere med arbeidstakarar frå lågkostland? Det er neppe enklare for ein arbeidar enn for ein professor å kutte løna drastisk. Eg synest det er litt «billig» og altfor lettvint å seie at norske handverkarar må bli billigare. Norske handverkarar har ikkje løner på fleire hundre kroner timen, seier Stensrud.

— Om norske handverkarar kuttar timeløna med 50 kroner timen, hjelper det lite i forhold til timeløna og konkurransen frå desse utanlandske arbeidstakarane, legg Stensrud til.