Dei tidlegare statsrådane, stortingsrepresentantane Lars Sponheim og Odd Einar Dørum, har nå sendt brev til justisministeren der dei krev svar på to konkrete, prinsippspørsmål.

Det skjer med bakgrunn i BT-avsløringa laurdag 3. februar der det gjekk fram at PST-sjefen sitt framlegg er initiert av justisministeren. Framlegget vart levert av PST-sjef Jørn Holme etter at han hadde hatt møte om saka med justisminister Knut Storberget.

I brevet, som viser til oppslaget i BT, vil dei to Venstre-representantane ha svar på korleis justisministeren stiller seg til prinsippet om å avskaffe domstolskontrollen i denne typen saker.

Dei vil også ha svar på korleis justisministeren vurderer PST-sjefen sine framlegg opp mot prinsippa i den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Bergens Tidende har både tidlegare og nå freista å få justisministeren i tale om denne saka. Men han har avslege å uttale seg.

— Nå må han svare, seier Venstre-leiar Lars Sponheim.

— Det er viktig å få klarlagt korleis statsråden og regjeringa stiller seg til desse prinsippspørsmåla, og vi må få ei avklaring raskt. Det er ille nok at innhaldet i dette brevet har vore hemmeleghalde så lenge, legg Sponheim til.

— For oss er det heilt uaktuelt med «hemmelege» domstolar i eit demokrati og ein rettsstat som Noreg. Kampen mot terrorisme må skje på rettsstatens premissar og prinsipp. Det gjeld både i høve til den einskilde sine klare rettar og når det gjeld innsyn og høve til demokratisk kontroll av forvaltninga, seier Sponheim.

Brevet frå PST-sjefen som er frå april i fjor, vart hemmeleghalde både av PST og av Justisdepartementet heilt fram til slutten av januar i år. Då vart heile dokumentet frigjeve etter at Stortinget sin ombodsmann for forvaltninga hadde kritisert avgjerda om hemmeleghald.