I går sendte ei rekkje reiselivsfolk og -investorar eit brev til statsrådane Odd Roger Enoksen og Helen Bjørnøy.

Der ber dei om stans i tildeling av nye konsesjonar for vindkraft, til Stortinget har konkretisert og vedteke nye nasjonale målsetjingar.

— Det er ein sterkare og sterkare redsel i reiselivsnæringa og blant reiselivsinvestorar om at Noregs største pre i den internasjonale marknaden sakte kan bli øydelagt, seier adm. dir. Terje Devold i Fjord Norge, og viser til eit konkret døme: - Hurtigruta har blitt kåra til verdas vakraste sjøreise av Lonely Planet. Viss alle dagens konsesjonssøknader blir innvilga og utbygd, vil ein hurtigrutepassasjer alltid kunne sjå ei vindmølle. Heile vegen frå Bergen til Bodø, seier Devold.

Brevskrivarane viser òg til at dei konsesjonar som allereie er innvilga i dag er nok til å dekkje Stortinget si målsetjing om 3 Twh frå vindkraft innan 2010. — Vår oppfordring til styresmaktene er at ein no tek ein pause og tenkjer seg om, tek ansvar og ikkje berre spring frå det, seier Devold.

Med blant underskrivarane er ei rekkje større investorar, mellom andre Colorline-eigar Olav Nils Sunde og bergensreiar Atle Jebsen.