Det krev stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn (KrF).

– Eg har med stor interesse lese oppslaget i Bergens Tidende onsdag om legane si rolle i sjukmeldingsprosessen. Det som kom fram der, var svært viktig. Det er heilt tydeleg at den prosessen som skulle vore etablert frå 1. juli 2004 når det gjeld omlegging av regelverket for sjukmeldingar, ikkje er på plass, seier Sørfonn.

Sørfonn viser til at siktemålet med omlegginga var å få ned sjukefråveret. Før sjukmelding vart underteikna av legen, skulle legen vurdere kva arbeidsevne arbeidstakaren hadde, og det skulle vere kontakt med arbeidsplassen for å undersøke og vurdere endring av arbeidsoppgåver betre tilpassa arbeidstakaren.

Legar som ikkje fylgde opp, kunne misse retten til å skrive ut sjukmeldingar for trygda si rekning.

Trygdeetaten opplyste at ein ikkje har etablert kontrollrutinar og har heller ingen opplysningar om at nokon lege er «teken» for å opptre i strid med regelverket.

Trygdeetaten opplyste vidare at ein har vore varsam med inngrep overfor legane sidan legane er sjølvstendig næringsdrivande og får ein stor del av inntektene sine ved å skrive ut sjukmeldingar.

– Her ligg verkemidla klare. Det er berre å fylgje opp. Det er nå meir enn to år sidan regelverket vart innskjerpa. Eg har difor stilt spørsmål til statsråden om kva han vil gjere for å fylgje opp intensjonane og få på plass kontrolltiltak og sanksjonsmiddel, seier Sørfonn.