VIDAR YSTAD

Oslo

Talsmenn for både Ap, Frp, SV, Sp og V meiner Regjeringa må ta initiativ for å få reforhandla dei mest lukrative tilsettingsavtalane. Dermed står eit klart fleirtal på Stortinget bak kravet. Opp i Kontrollkomiteen

Frp-formann Carl I. Hagen seier til Bergens Tidende at han nå har lese BT sine reportasjar om denne saka «til auget vart stort og vått».

— Eg vil ta saka opp i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget. Eg vil at komiteen skal få ein fullstendig oversikt over løns- og pensjonsvilkåra til leiarane i dei heileigde statlege selskapa. Vi må så spørje statsråden om i kva grad desse vilkåra er i samsvar med retningslinene av 7. juli i år. Dersom det ikkje er samsvar, må vi få vite kva statsråden har tenkt å gjere for at det skal bli samsvar. Her er spørsmålet om reforhandlingar heilt naturleg, seier Hagen.

— Eg har merka meg formuleringane i instruksen om at staten bør gå føre med eit godt døme med å vise moderasjon. Mange av oss har hevda det i mange år. Nå er det opp til statsråden å demonstrere om det ligg realitetar i dette, seier Hagen.

Kaste styra?

Fleire av politikarane tek nå til orde for å kaste dei styra som ikkje sjølv tek initiativ til å reforhandle gullkanta direktøravtalar som er i strid med dei nye retningslinene.

Det overordna ansvaret for tilsettingsvilkåra i statlege verksemder ligg i Næringsdepartementet. Men næringsminister Børge Brende har ikkje tenkt å ta noko initiativ overfor styra i dei aktuelle selskapa med sikte på reforhandling av avtalane. Statssekretær Lars Jacob Hiim viser til at nye retningsliner som kom i sommar, må få verke ei stund.

Opplysningane om dei gunstige pensjonsvilkåra, vekker sterke reaksjonar på Stortinget. Og tidlegare statsminister Kåre Willoch har overfor Bergens Tidende stempla desse pensjonsvilkåra som «meiningslaust gode».

Høybråten aksjonerte

Talsmenn for Ap, Frp, SV, Sp og V på Stortinget seier nå til Bergens Tidende at Regjeringa bør ta initiativ for å prøve å reforhandle avtalane med dei leiarane som har avtalar som strir mot retningslinene som er innførd.

Ingebrigt Sørfonn frå KrF meiner styra i selskapa bør ta eit slikt initiativ overfor dei aktuelle direktørane.

Dagfinn Høybråten tok som helseminister i fjor vinter initiativ overfor styret i Helse Sør for å få reforhandla løns- og pensjonsavtalane med fleire av direktørane. Det skjedde etter at dei ekstremt gunstige avtalane kom på bordet. Reforhandlingar vart også gjennomførd, og mange av direktørane gjekk med på å svekke sine eigne løns- og pensjonsvilkår.

- Ikkje fullførd opprydding

ý Stortinget reagerte då vi vart klar over vilkåra i Helse Sør i fjor, og kravde opprydding. Men det er tydeleg nå at oppryddinga ikkje er fullførd, seier Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til Bergens Tidende.

Kleppa, som var sosialminister i Bondevik I-regjeringa, opplyser at Senterpartiet vil gjere framlegg om at pensjonen for tilsette i offentlege verksemder ikkje bør overstige 8 G. Det utgjer 470.224 kroner.

Kleppa er heller ikkje nøgd med dei nye retningslinene som ho meiner «er som ein strikk»: opnar for vide unntak.

<b>VIL TA SAKA OPP:</b> Frp-formann Carl I. Hagen er mellom dei som krev at Regjeringa tek initiativ for å kome til livs dei gullkanta pensjonane til leiarar i statsselskapa.
SCANPIX