Den daglege leiinga i Fellesforbundet vil lovfeste tariffavtalane i byggebransjen kring Oslofjorden. Det stadfestar avdelingsleiar Hallstein Sjøvoll i forhandlingsutvalet i Fellesforbundet.

Feil taktikk, meiner leiar Roger Pilskog i Unionen Fagforening i Bergen. Å avgrense kravet om norske løns— og arbeidsvilkår til Oslofjord-området vil forsterke vanskane med billeg austeuropeisk arbeidskraft andre stader.

— Det vil bli eit mykje større press, blant anna i Bergen, seier Pilskog.

«Solid dokumentasjon»

Når styret i Fellesforbundet 15. februar tek stilling rådet frå administrasjonen vil Pilskog kjempe for at tariffavtalane i byggebransjen skal lovfestast over heile landet.

Dersom styremedlemene vert stilt fritt trur Pilskog styret er delt nokolunde på midten i synet på kor omfattande eit krav om lovfesting skal vere.

17 fagforeiningar står bak kravet om å lovfeste norske tariffavtalar i byggebransjen i Oslo, Østfold, Vestfold, Akershus og Buskerud. Dei har arbeidd i fleire månader med å kartlegge løns- og arbeidsvilkår til utanlandske arbeidarar i byggebransjen. Målet er å vise at det er grunnlag for eit slikt krav. Hallstein Sjøvoll i Fellesforbundet er overtydd.

— Etter vår oppfatning er dette ein solid dokumentasjon, seier Sjøvoll.

I mange tilfelle er det snakk om løns- og arbeidsvilkår som ligg langt under gjeldande standard i tariffavtalane i fylgje Sjøvoll.

Også Bergen

Roger Pilskog seier ein tilsvarande og like solid dokumentasjon om tilhøve i Bergen er like om hjørnet.

Saman med Tømrernes Fagforening og Rørleggersvennenes Forening sendte Unionen Fagforening i går brev til Fellesforbundet om at Fellesoverenskomsten for Byggfag blir lovfeste også i Hordaland.

Dei tre fagforeiningane skriv i brevet at utviklinga har gått i feil retning etter at EU utvida med 10 nye medlemsland 1. mai i fjor og dei nye EU-borgarane fekk tilgang til den norske arbeidsmarknaden:

Norske bedrifter med tariffløna norsk arbeidskraft blir prisa ut av bransjen av utanlandskregistrerte selskap som tek med seg arbeidskraft frå utlandet, løna på utanlandske vilkår. Utviklinga ar skyt fart og fantasien på dei som kan tene pengar på sosial dumping blir større, skriv fagforeiningane.

FEIL TAKTIKK, meiner leiar Roger Pilskog i Unionen Fagforening i Bergen.