Sivilombodsmann Arne Fliflet sendte i går brev til statsminister Jens Stoltenberg og til utanriksminister Thorbjørn Jagland der han bed om eit møte med begge. Føremålet er klart nok: Vil ha innsyn Å oppnå at ein eller to av medarbeidarane ved kontoret hans skal få tilgang til dei same hemmelegstempla dokumenta om Vardø-radaren som han sjølv har fått tilgang til.Dette har Jagland nekta han i eit brev som var datert 19. juni men som først kom inn til ombodsmannen 26. juni.Føremålet frå ombodsmannen si side er å sikre ei forsvarleg behandling av den klagesaka som Bergens Tidende fremja i februar i fjor.Det skal vere første gong i historia at ombodsmannen går til eit slikt skritt. Det stadfester også Fliflet overfor Bergens Tidende. «Prinsipiell betydning» I brevet sitt skriv ombodsmannen mellom anna:«Jeg anser saken for å være av stor prinsipiell betydning for Sivilombudsmannens muligheter til å øve krontroll med forvaltningens praktisering av offentlighetsloven og for troverdigheten og tilliten til ombudsmannskontrollen. Slike begrensninger som her forsøkes lagt på Sivilombudsmannen, er, så vidt jeg kjenner til, ikke mulig i våre naboland Sverige og Danmark.»I brevet sitt skisserte Jagland korleis ombodsmannen burde innrette arbeidet ved ombodsmannskontoret.Om dette skriv Sivilombodsmannen mellom anna: «Ikke treffende» «Departementet avslo min anmodning om å legge fram saken for Kongen i statsråd, og begrunnet det blant annet med at ombudsmannen fyller kravene til å være høyesterettsdommer. Saken var heller ikke særlig omfattende. Dermed måtte ombudsmannen kunne behandle en slik sak alene, mente departementet.»«Departementets argumentasjon er ikke treffende» skriv ombodsmannen. Han forklarar poenget med at ein annan enn den som skal treffe avgjerd, greier ut og førebur saka, for at saka blir forsvarleg behandla. Det er også eit viktig poeng at saka kan drøftast mellom fleire. «Svekke tilliten» Ombodsmannen viser til instruksen for ombodsmannen og ombodsmannslova og konkluderer:«Beslutningen om bare å gi ombudsmannen selv adgang til innsyn i dokumentene står derfor i motstrid til Stortingets instruks til ombudsmannen, og kan svekke tilliten til ombudsmannens undersøkelse.» «Uhøyrt og frekt» Venstre-leiar Lars Sponheim reagerer krasst mot dei restriksjonane Jagland har freista å legge på Sivilombodsmannen:— Ombodsmannen må få dei arbeidsvilkåra han treng. Han står ansvarleg overfor Stortinget. Det kan verke til å svekke heile ombodsmannsordninga om ein skulle fylgje Jagland sitt prinsipp. Det er rett og slett uhøyrt og frekt av Jagland og Stoltenberg-regjeringa å gripe inn i ombodsmannen sitt arbeid og arbeidsvilkår.- Direkte overraskande er det likevel ikkje. Deira demokratiske finmotorikk er ikkje spesielt godt utvikla, seier Sponheim. «Meiningslaust» Jan Fridtjof Bernt som er professor i offentleg rett ved Universitetet i Bergen stiller seg heilt uforståande til Jagland sin argumentasjon og standpunkt:- Ombodsmannsordninga er det einaste middelet Stortinget har til å øve kontroll med det som skjer i forvaltninga. Når departementet nektar ombodsmannen det innsynet han meiner han må ha for å gjennomføre kontrollen, er det heilt i strid med heile demokratikontrollen. Og det blir meiningslaust om den som skal kontrollerast, sjølv skal kunne bestemme korleis kontrollen skal gjennomførast.- Dei personane som skal behandle saka hjå ombodsmannen har sjølvsagt teieplikt og er eller kan bli tryggingsklarert. Det er rikeleg med straffesanksjonar mot dei som måtte forgå seg. Insinuasjonar - Opplysningane i dokumenta er nokså sikkert spreidd til ein god del personar både i Forsvaret og i dei to departementa, UD og FD. Å tenkje seg, slik UD insinuerer, at det skulle vere større fare for at opplysningane skulle leke ut frå ombodsmannens kontor, det er å gå temmeleg langt.- Uansett kva motiv Jagland og UD måtte ha for å skrive og opptre som dei gjer, så verkar dette til å skape mistanke om at det her er noko frykteleg alvorleg som ikkje toler dagens lys, seier Bernt.

BER OM MØTE: Sivilombodsmann Arne Fliflet sendte i går brev til statsminister Jens Stoltenberg der han bed om eit møte. Han vil ikkje avfinne seg med at utanriksministeren vil styre saksbehandlinga ved ombodsmannskontoret. FOTO: JAN JOHANNESSEN, SCANPIX