Demonstrerande stortingsrepresentantar frå SV er dermed ikkje åleine om å skape ugreie for Jens Stoltenberg. Nå får opposisjonen på Stortinget også draghjelp frå det andre regjeringspartiet, Sp.

Først var det olje— og energiminister Odd Roger Enoksen (Sp) som torpederte petroleumsfrie soner i nord.

Jubel og storm

I eit stort intervju med Dagens Næringsliv måndag framstod Enoksen som «nyfrelst forkjempar for auka petroleumsaktivitet i nord». Og han uttalte seg klart negativt til tanken om å innføre varig petroleumsfrie soner i nord, slik regjeringspartnar SV har programfest.

Utsegnene til Enoksen vekte jubel i Høgre, Frp og petroleumsnæringa, men storm frå SV. Og i går fann Enkonsen det naudsynt å rykkje ut med eit innlegg i Dagens Næringsliv der han freista å rette opp dei verste skadeverknadene.

Hardkøyr i Stortinget

I spørjetimen i Stortinget i går fekk Enoksen hardkøyr frå fleire opposisjonsparti med spørsmål om kva han eigentleg meiner. Eller kva som har skjedd inne i hovudet hans.

Det var leiaren i miljø- og energikomiteen, Gunnar Kvassheim (V), som innleidde presset mot Enoksen.

Kvassheim viste til at Enoksen hadde vore ein av arkitektane bak kompromisset i Sp som gjekk inn for petroleumsfrie soner i nord.

Enoksen erklærer nå at han meiner omgrepet petroleumsfrie soner er upresist. Samstundes seier han at han har skifta syn, frå tidlegare å vere heilt imot oljeboring i nord til nå å gå inn for oljeboring. Han grunngjev endringa med teknologisk utvikling og auka kunnskap.

Skatteproblem

I går fekk regjeringspartia på Stortinget også hendene fulle med å rake kastanjar. Det skjedde med bakgrunn i at Lars Peder Brekk, som er parlamentarisk nestleiar og første nestleiar i Sp, i går uttala seg friskt til VG om skatteopplegget frå regjeringa.

Brekk signaliserte at Sp er misnøgd med skatteopplegget frå regjeringa, og varsla omkamp om «kakseskatten».

Dette kom på toppen av kritikken frå LO mot skatteopplegget. LO-leiar Gerd Liv Valla har rasla med inntektsoppgjeret.

Regjeringspartnarane Ap og SV stilte seg hovudristande til utspelet frå Brekk.

Men finansminister Kristin Halvorsen (SV) uttala i går at ho er usamd med Brekk i vurderingane og «forundra» over utspelet. Ho slo fast at heile Regjeringa står bak skatteframlegget og påpeika at både skatteopplegget og resten av statsbudsjettet var førehandsdrøfta og «klarert» med stortingsgruppene til regjeringspartia før det vart lagt fram.

– Vil kjempe vidare

Til Bergens Tidende seier Brekk at han meiner skatteopplegget frå den nye Regjeringa er mykje betre enn det som vart lagt fram av Bondevik-regjeringa. Han meiner likevel at det kan bli endå betre. Det kan skje ved at ein innfører ekstraskatt på inntekter over 960.000 kroner.

– Det vil verke til å dempe høge leiarløner, seier Brekk.

Han seier at Sp sine statsrådar kjempa for det i Regjeringa utan å nå fram. Han seier vidare at Senterpartiet vil kjempe vidare for å vinne fram med dette standpunktet under budsjettbehandlinga i Stortinget.