Forsvarskomiteen på Stortinget har ikkje vore orientert om at det pågjekk eit slikt arbeid. Det vart komitemedlemene først i går då Bergens Tidende kunne fortelje dei om arbeidet og rapporten.

I opprør

Fleire av medlemene i komiteen er i opprør over at komiteen er blitt halden uvitande om det arbeidet som har pågått. På komitemøte i går vart det fatta vedtak om å krevje rapporten utlevert.

Rapporten vil også heilt klart ha interesse for Kontrollkomiteen på Stortinget som i lengre tid har arbeidd med overforbruk og manglande økonomistyring i Forsvaret.

Bergens Tidende fekk i går utlevert eit dokument frå Forsvarsdepartementet som viser at 33 eksemplar av rapporten vart oversendt til det danske forsvarsdepartementet 16. mars i år.

«Klassifisert»

Etter det Bergens Tidende har kjennskap til, har det danske forsvarsdepartementet i lengre tid ynskt å gjere innhaldet i rapporten tilgjengeleg for det danske Folketinget. Men det har bydd på problem på grunn av haldninga i det norske forsvarsdepartementet.

— Vi har hjelpt nordmennene med opplysningar, men det er det norske departementet som eig rapporten. Vi har motteke rapporten, men den er «klassifisert» av nordmennene og difor er det restriksjonar på vår vidare bruk av den, opplyser Jacob Winther til Bergens Tidende. Han er pressesjef i det danske forsvarsdepartementet.

Bergens Tidende stilte i går ei rad spørsmål til Forsvarsdepartementet om handteringa av rapporten.

- Burde fått rapporten

Leiaren for Forsvarskomiteen, Marit Nybakk (Ap) seier til Bergens Tidende at ho ikkje har hatt nokon opplysningar om at det pågjekk eit arbeid med ein slik rapport. Ho har fylgjeleg heller ingen kunnskap om innhaldet.

— Men det er rimeleg at komiteen nå får kjennskap til innhaldet i denne rapporten, seier Nybakk til Bergens Tidende.

— Det er heilt opplagt at vi burde ha blitt informert. Vi burde sjølvsagt ha fått rapporten oversendt i arbeidet med innstillinga vår til stortingsmelding 29 2004-2005 om budsjettoverskridingane i Forsvaret i 2004.

Dette seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, til Bergens Tidende. Ho sit i Forsvarskomiteen.

Kjetil Bjørklund, som er SV sin forsvarspolitiske talsmann, seier til Bergens Tidende at det er ille at Forsvarskomiteen ikkje er blitt orientert om innhaldet i rapporten. Han meiner at rapporten nokså sikkert også vil vere av interesse for arbeidet i Kontrollkomiteen.

- Sjokkerande

Per Ove Width som er forsvarspolitisk talsmann i Frp, reagerer slik overfor Bergens Tidende:

— Det er heilt ukjent for meg at det har pågått eit slikt arbeid. Forsvarskomiteen burde opplagt ha blitt orientert. Det er eigentleg heilt sjokkerande at komiteen ikkje har fått tilgang til dette materialet.

Width meiner handteringa av saka er illustrerande for ein tendens han meiner å ha registrert:

— Dei hemmelegstemplar og unntek dokument i hytt og pine i Forsvarsdepartementet. Det er tydeleg at det er mykje di ønskjer at vi ikkje skal sjå og få kjennskap til. Problemet er at ein overdreven bruk av hemmeleghald fører til manglande respekt for stempling og gradering. Vi kan bli immune mot stemplinga. Det er alvorleg.