Ein tverrpolitisk aksjon meiner opprettinga av Bondevik-senteret minner om «korrupsjonsliknande forhold». Aksjonen set søkelyset mot forholdet mellom politikk og næringsliv. Dei reiser spørsmål om millionane er «returprovisjon» som takk for politikken. Og dei etterlyser reaksjonar frå det politiske miljøet.

Mellom dei som står bak aksjonen finn vi dei tidlegare partileiarane Reiulf Steen (Ap), Gunnar Garbo (V), Reidar T. Larsen (NKP/SV), Høgre-folka Carsten O. Five og Ingeborg Moræus Hanssen, Ottar Brox, Fredrik Heffermehl, Ebba Haslund, Agnete Haaland og Kim Friele.

— Kjøpe politikarar

Carsten O. Five var den som først reiste spørsmål om det nye Bondevik-senteret og problematiserte pengestraumen. Sidan engasjerte Fredrik Heffermehl seg sterkt.

— Vi er blitt møtt av ein mur av togn frå leiande politikarar. Ingen, med eit heiderleg unntak av Olav Akselsen (Ap), leiar i Utanrikskomiteen, har gjeve lyd frå seg. Det er skremmande, seier Heffermehl.

— Bondevik har sagt at han har tenkt på dette i lengre tid. Korleis har det påverka tankegangen hans, på omgangskrinsen hans? Vi må ha politikarar som ikkje let seg påverka av tankar om framtidige fordelar og ytingar, seier Five.

«Interessefellesskap»

— Her i Noreg er vi ganske naive. Bondevik stiller vi ikkje spørsmål ved. Men pengane ligg på bordet. Det er fordi han har vore statsminister. Ingen må tru at næringslivet berre betalar ut utan å ha noko igjen for det, seier Five.

Fleire av initiativtakarane meiner togna frå politikarane kan vere uttrykk for at det har oppstått eit interessefellesskap mellom leiande politikarar som har framtidig karriere i tanke. Og dei hevdar at dette er farleg for demokratiet: at det kan føre til større avstand mellom politikarane og folket, auka politikarforakt og lågare valdeltaking.

- Mistenkeleggjer meg

— Eg er overraska over at ingen av dei som står bak denne aksjonen har kontakta meg eller bede om opplysningar frå oss, før dei kjem med slike insinuasjonar og mistenkeleggjering som det eg nå blir utsett for. Det er heilt grunnlause påstandar, seier Kjell Magne Bondevik.

— Vi må sjølvsagt tole kritiske blikk. Alt vi har gjort, har skjedd heilt ope og vi er opne for innsyn både om pengegåver og kva vi gjer. Mitt utgangspunkt er at eg har ynskt å gjere noko for verdas fattige og forfylgde. Vi belastar ikkje statsbudsjettet. Vi har i standen valt å utløyse midlar frå næringslivet og andre kjelder. Desse midlane er gjevne utan bindingar, og bidragsytarane har måtta skrive under på det, seier Bondevik.

— Korleis stiller du deg til kravet om gransking?

— Dei må gjerne granske så mykje dei vil. Eg har ingenting å skjule. Politisk ukultur er eg like mykje imot som dei.

— Nå rettar professor, tidlegare stortingsrepresentant Ottar Brox kritikk mot deg med bakgrunn i fiskeripolitikken som vart lagt under di andre regjering. Han meiner det skjedde eit ran av kystfolket sine rettar til fordel for folk som Kjell Inge Røkke.

— Å prøve å kople det til Oslo-senteret mitt er berre tull. Fiskeripolitikken står for seg. Eg hadde ikkje Røkke i tankane då vi utforma politikken. Då hadde eg heller ikkje fredssenteret i tanke.

— Men du har sagt at du har sysla med planar om dette fredssenteret i lang tid?

— Det eg har sagt, er at eg har hatt tankar om ulike alternativ for å gjere ein innsats for dei fattige. Ingenting av dette vart planlagd medan eg var statsminister, seier Bondevik.