VIDAR YSTAD

«I Treholtsaken finner vi en årsgårdsrei av lovbrudd, manipuleringer og desinformasjon som feide gjennom Politihuset, rettssaler og departement midt på 80-tallet og deretter fortsatte å romstere i aldri så mange år. Og kanskje ulmer det stadig.»

Dette skriv den 69-årige advokaten i innleiinga til boka si: «Kappefall. Et varslet justismord», som ein stolt forlagssjef, William Nygaard, kunne presentere i går.

Mellom dei mange tilhøyrarane under presentasjonen var også forlagssjefen i konkurrenten, Gyldendal, Geir Mork.

«Det verste»

Haugestad overtok som forsvarar for Treholt, saman med Alf Nordhus, etter at Treholt i juni 1985 mottok dommen frå lagmannsretten. Då var skuldspørsmålet endeleg avgjort.

I dag meiner Haugestad at Treholt burde ha blitt dømd for brot på teieplikt overfor Irak og meiner det var lite ærefullt at han gav opplysningar som han mottok pengar for. Det var også etter Haugestad si meing, det verste Treholt gjorde. Men dette har ingenting med spionasje å gjere, ifølgje Haugestad.

«Pengebeviset»

Haugestad slår ned på ulovleg ransaking. Han hevdar at det omstridde «pengebeviset» var falskt frå ende til annan. Han meiner det er mange indikasjonar på at ransakingsrrapportane om «pengebeviset» er laga i ettertid, kanskje jamvel etter hovudforhandlinga i saka.

Og overfor Bergens Tidende stemplar han aktorane i saka, nåverande riksadvokat Tor-Aksel Busch og førstestatsadvokat Lasse Qvigstad, som «openbert illojale overfor riksadvokaten» då dei på riksadvokaten sin ordre granska «pengebeviset».

I ettertid vart «pengebeviset» slakta av sakkunnige.

— Internasjonal gransking

Boka er eit dramatisk oppgjer med både politi, påtalemakt og domstolar for behandlinga av Treholt-saka. Men det er også eit oppgjer med media som Haugestad meiner har svikta si kritiske oppgåve i forhold til statleg maktbruk.

— Boka er svært interessant og viser kor gale det kan gå, også i vårt system, seier forsvararkollega Tor Erling Staff, til Bergens Tidende. Han overvar pressekonferansen i går.

Til Bergens Tidende seier han at det bør vere grunnlag for gjenopptaking av saka. Han meiner også det er grunn til å granske heile saka. Men det bør i så fall vere ei internasjonal gransking. Her til lands har for mange investerte interesser til at ein kan tru på ei uavhengig gransking, meiner Staff.

Arbeidet med boka har pågått i fleire år. Det er fem år sidan Haugestad kontakta forlaget med prosjektet sitt.

Dramatisk oppgjer

Haugestad tek eit dramatisk oppgjer med dommen frå lagmannsretten som kjende Treholt skuldig i spionasje til fordel for Sovjet og Irak, og dømde han til 20 års fengsel.

I boka offentleggjer Haugestad både delar av den framleis hemmeleghaldne delen av dommen mot Treholt og ei rad dokument som framleis er hemmelegstempla. Og han slår fast at det ikkje er noko i den hemmeleghaldne delen av dommen som styrker påtalemakta si sak.

Haugestad går i detalj gjennom dommen. Spørsmålet om bevis, kva det er førd prov for og kva som er overlevert står her sentralt.

«Prov manglar»

Han meiner at det ikkje finst prov for at Treholt har overlevert hemmeleg materiale. Lagmannsretten la til grunn at alt hemmeleg materiale han hadde hatt tilgang til, også var overlevert til Sovjet. Haugestad slår fast at Treholt aldri har vedgått spionasje, men at pressemeldinga som vart sendt ut straks etter arrestasjonen gav inntrykk av det motsette. Han meiner lagmannsretten gav ei heilt feil framstilling av vurderingane til dei sakkunnige av kva dokument som kunne råkast av den såkalla spionparagrafen i straffelova, paragraf 90.

Han påpeikar at dei sakkunnige har sterkt sprikande vurderingar og at dette ikkje kjem fram i dommen.

Haugestad meiner også å kunne slå fast at lagmannsretten si framstilling av innhaldet i notata som Treholt skreiv under studieopphaldet ved Forsvarets Høgskole, er sterkt misvisande. Han meiner at dette materialet snarare fortel det motsette av kva lagmannsretten utla det som: tunge bevis mot Treholt.

ADVOKAT: Advokat Arne Haugestad meiner at ArneTreholt burde ha blitt dømd for brot på teieplikt overfor Irak, men ikkje for spionasje.<p/> FOTO: SCANPIX