I eit brev til statsminister Jens Stoltenberg, datert 17. februar, forklarar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg korleis han bør leggja opp strategien for Ringeriksbana:

— Planlegging og grunnerverv i fyrste planperioden 2010-2013.

— Anleggsstart frå 2014.

— Då kan Ringeriksbana opnast for trafikk innan utgangen av planperioden 2010-2019.

– Vi bed så sterkt vi kan regjeringa om å fastsetja ein slik plan for Ringeriksbana i forslaget til Nasjonal Transportplan som kjem i mars, seier Torill Selsvold Nyborg.

Plass i historia

– Dersom Ringeriksbana ikkje er på plass i NTP vil det verta møtt med sterke protestar, og regjeringa vil ha mist alt truverde, seier ho.

Men dersom regjeringa syner vilje og handlekraft og vedtek bygging av Ringeriksbana, lokkar fylkesordføraren Stoltenberg med ein plass i historiebøkene, som opphavet til Nye Bergensbana.

I Stortinget veit dei anten ingenting, eller dei vil ikkje seia noko om korleis det går med innkortinga av Bergensbana. Men Øyvind Halleraker (H), med plass i Transportkomiteen, set stor pris på initiativet frå Buskerud fylkeskommune om eit utbyggingsselskap for Ringeriksbana etter modell av Botniabanan i Sverige. (BT, 18. februar).

– Musikk i mine øyre, seier Halleraker. Han lovar at Høgre vil bruka Ringeriksbana for det ho er verdt i valkampen, dersom regjeringa ikkje finn plass til ho i NTP.

10 milliardar i året

– Vi står på for Ringeriksbana, og har god tru på at vi skal få det til, seier Hilde Magnusson Lydvo, som representerer Ap i Hordaland.

– Eg seier ingenting, kjem det frå Hallgeir Langeland (SV), som har sete i Transportkomiteen.

– Men SV har landsstyrevedtak på 10 milliardar kroner til jernbane kvart år i Nasjonal Transportplan 2010-2019. Der er det også rikeleg med pengar til Ringeriksbana, seier han.

Ap i Buskerud står på

I Buskerud er mange leiande Ap-politikarar ivrige talsmenn for Ringeriksbana, ikkje minst på grunn av den store forbetringa ei slik bane vil bety for kollektivtrafikken mellom Ringerike og Oslo. For nokre dagar sidan var Hole-ordførar Erik Kaupang og Gol-ordførar Olaug Granli i møte med Martin Kolberg, som leiar Arbeidarpartiets Buskerud-liste til stortingsvalet. Jan-Halvard Brekko, prosjektleiar for Forum nye Bergensbanen, var med på møtet. Brekko tolkar møtet som svært positivet, ettersom Kolberg også drog inn statssekretær Svein Fjellheim ved Statsministerens kontor.

Ikkje eitt ord

VG brettar 17. februar ut kva som vil skje av jernbaneutbygging rundt Oslo i Nasjonal Transportplan. Kjelde for opplysningane er «informert hold i regjeringen». Dovrebana, Østfoldbana og Vestfoldbana får brei omtale og mange milliardar kroner. Men Ringeriksbana og Bergensbana er ikkje nemnt med eit einaste ord. (sjå og BT 9. februar).

Biletmontasje: Jernbaneverket