Eit samla storting gjekk i går inn for at Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for internasjonale avtalar som vil gjere statar som forureinar, økonomisk ansvarlege.

— Det må no vere slutt på tolmodet vårt, slo saksordførar Lars Rise (KrF) fast.

Økonomisk ansvar for statar

I går og i dag har representantar for norsk LO møte med britisk LO i Sellafield.

Avtaler som klart fastslår rettsleg og økonomisk ansvar manglar i dag. Stortinget ynskjer nå at det skal vere råd å fremje saker for internasjonale domstolar mot statar som spreier forureining over landegrensene.

Stortinget vil ha knesett prinsippet om at forureinaren skal betale også når det er snakk om statar som syndar, og ikkje berre i dei tilfella personar eller selskap står bak.

Stortinget er uroa over verknadane av utsleppa frå Sellafield.

«I et langsiktig perspektiv er det umulig å forutsi fullt ut hvilke konsekvenser det radioaktive stoffet vil ha i næringskjeden, og komiteen mener at dette må ligge til grunn for en føre-var-protest fra norsk side» heitte det i innstillinga frå Utanrikskomiteen om saka.

Alle står bak

Jamvel Framstegspartiet tok i går til orde for å fylgje «føre-var prinsippet».

Komiteen gav også uttrykk for at frykt for radioaktiv forureining av fisk og annan sjømat vil kunne føre til tapte marknadsprosentar for norsk fiskeeksport lenge før faregrensa er nådd. Stortinget handsama saka på grunnlag av eit framlegg frå Steinar Bastesen i Kystpartiet om å ta eit initiativ for å få stengt heile Sellafield-anlegget.

LO pressar britane

I går møtte ein delegasjon frå LO, Norsk Sjømannsforbund, Fellesforbundet og Norsk Nærings- og nytelsesarbeiderforbund representantar for britisk LO i Sellafield. Møtet held fram i dag. Det er LO-sekretær Trine Lise Sundnes som leiar delegasjonen på seks.

ý Målet med turen vår er å undersøke om det er råd å presse britiske styresmakter til å lagre det radioaktive avfallet på land. Fordelen med vårt arbeid er at vi kan arbeide innanfrå, seier Sundnes.

Ho opplyser at LO har hatt kontakt med britisk LO om denne saka sidan i fjor haust. Britisk LO og lokale tillitsvalde er primært opptekne av å ta vare på arbeidsplassane. Sundnes seier det er for tidleg å seie noko om kva det går an å oppnå gjennom denne kontakten.