.

Dette opplyser advokat Hans Stenberg-Nilsen til Bergens Tidende. — Eg vil nå fremje saka for Oslo forhøyrsrett. Då vil vi få vurdert spørsmålet om avgjerda om beslag var gyldig, omfanget av beslaget og kor lenge det skal vare, seier Stenberg-Nilsen. - Vi vil hevde at ransakinga har skjedd i avisa sine redaksjonelle lokale i strid med norsk lov. Dessutan er ein stor del av det materialet som er beslaglagt Stavanger Aftenblad sin eigedom og det utgjer arbeidsgrunnlag for avisa, seier Stenberg-Nilsen. Han vil etter det Bergens Tidende forstår vurdere å krevje munnlege forhandlingar i forhøyrsretten. Førstestatsadvokat Lasse Qvigstad ved Oslo statsadvokatembeter vil ikkje kommentere avgjerda om å fremje saka om ransaking og beslag. Han vil overfor Bergens Tidende heller ikkje uttale seg om han sjølv vil møte i retten om det skulle bli munnlege forhandlingar. Stenberg-Nilsen opplyser at han har fått ein del av eit dokument frå POT som svar på eit innsynskrav han fremja fredag. - Det er ytterst tynne greier. Det er ei kort oppsummering av kva som har skjedd og ei attgjeving av ein del av argumentasjonen frå POT som går på kvifor POT meiner at det ikkje er redaksjonelle lokale ein har ransaka. Stenberg-Nilsen vil fremje nytt krav om innsyn, mellom anna for å få tilgang til dei avgjerdene som domstolane har treft i saka.