Sponheim og Dørum reagerer på opplysningane som kom fram i Bergens Tidende laurdag om at utspelet frå PST-sjef Jørn Holme var initiert av Justisdepartementet.

— Rask avklaring

— Det er her snakk om eit så viktig prinsipp at vi raskt må få ei avklaring på spørsmålet om korleis justisministeren stiller seg til prinsippet, seier eks-statsrådane Sponheim og Dørum til Bergens Tidende.

Justisministar Knut Storberget avslår å kommentera kravet over BT. Han viser til at saka er til behandling i departementet.

— Eg merkar meg med interesse at PST-sjefen har hatt møte med både justisministeren og med arbeids- og inkluderingsministeren før han fremja forslaget til ny prosessordning i bestemte utlendingssaker, seier Sponheim.

— Eg registrerer også at framlegget frå PST-sjefen er utarbeidd på oppmoding frå Justisdepartementet.

— Slik eg kjenner PST-sjefen frå hans tid som statssekretær i Justisdepartementet, har eg vondt for å tru at han har fremja dette framlegget dersom statsrådane i førveg hadde gjeve han motbør.

— Det gjer utspelet frå PST-sjefen ekstra interessant. Det er nærliggande å konkludere med at dei to statsrådane ikkje har hatt innvendingar mot ideen, men tvert om akseptert prinsippet, seier Sponheim.

- Kom til Stortinget

— Eg forstår det slik at brevet med innspelet frå PST-sjefen er lekk i ein prosess. Etter det som nå har kome fram, er det naturleg å be justisministeren gjere greie for prosessen vidare med denne saka. Vi bør raskt få ei prinsipiell avklaring av korleis justisministeren stiller seg til prinsippet om å avskaffe domstolskontrollen med forvaltninga i denne typen saker, seier tidlegare justisminister Odd Einar Dørum (V) til Bergens Tidende.

PST-sjef Jørn Holme var statssekretær i Justisdepartementet under Dørum.

Dørum utfordrar etterfylgjaren sin i Justisdepartementet om å kome til Stortinget med ei sak dersom han meiner dagens domstolskontroll i utlendingssaker ikkje fungerer.

Sjølv seier Dørum at det er eit grunnleggande prinsipp i ein rettsstat at domstolane skal kunne overprøve forvaltninga sine avgjerder.

Sterkt kritisk

Her får Dørum fylgje av forvaltningsrettseksperten, professor Jan Fridthjof Bernt, ved Universitetet i Bergen.

— Reint prinsipielt er det å avskjære høvet for ein person til å få prøve ei avgjerd i forvaltninga for domstolen, ytterst problematisk. Eg trur ikkje det er mogeleg å gjere dette utan å kome i strid med den europeiske menneskerettskonvensjonen, seier Bernt.

Bernt er også skeptisk til om den behandlingsforma ein har i saker for Utlendingsnemnda vil gje god nok rettstryggleik når dette vert siste ord i saka. Det er sider ved sakshandsaminga for Utlendingsnemnda som har vore i dårleg samsvar med forvaltningslova.

— Når dette likevel har blitt akseptert, er det avdi ein har hatt domstolskontrollen i bankhand.

Bernt har heller inga tru på eit system der «rettstryggleiken» i klagesaker skal bli ivareteken ved at klager over avgjerder i Utlendingsnemnda blir prøvd og avgjort av regjeringa. Han meiner at regjeringa korkje kan eller bør vere eit klageorgan som kan gå inn og prøve avgjerder frå underordna instansar til botns. Her blir det i røynda meir snakk om å strø sand på tidlegare vedtak.

Håvard Bjelland (arkiv)