I årsmeldinga si som ombodsmannen leverte til Stortinget i går, skriv sivilombodsmann, Arne Fliflet, at «mest av alt er nok graden av åpenhet om forvaltningens beslutningsprosesser (likevel) et spørsmål om holdning og kultur. Mitt erfaringsmateriale kan tyde på at selv om offentlighetsprinsippet ble lovfestet hos oss for mer enn 30 år siden, har det ennå ikke maktet å skape den holdningsendring i forvaltningen som innføringen av prinsippet tok sikte på».

— Dette er sterke ord og veldig bra til å kome frå det haldet. Det bør vere eit sterkt signal både til politikarane og forvaltninga, seier generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening til Bergens Tidende.

Øy påpeikar at det gjennom 30 år ikkje har mangla på innspel og påpeikingar om desse forholda, utan at det har hatt synderleg effekt. Han meiner at ein nå berre får krysse fingrane for at ombodsmannen skal ha større gjennomslag.

Ombodsmannen er særleg kritisk til behandlinga av såkalla interne dokument. Han meiner at hemmeleghaldet av slike dokument til ein viss grad kjem av manglande kunnskap om regelverket og om dei omsyn regelverket byggjer på.

Han meiner det er eit sterkt behov for haldningsskapande arbeid og bevisstgjering om offentlegprinsippet.

Ombodsmannen gjev uttrykk for von om at grunnlovfestinga av offentlegprinsippet, som vart vedteke i september i fjor, vil vere eit viktig signal.

I årsmeldinga seier ombodsmannen at han har inntrykk av at såkalla interne dokument blir unndrege frå offentleg innsyn i større grad enn det grunngjevinga for regelen tilseier. Han seier også at vurderinga av om ein likevel skal gje innsyn i interne dokument, ofte framstår som mangelfull. Han slår fast at «det må kreves tungtveiende grunner for å forsvare hemmelighold».

Fliflet tek til orde for at lova blir endra slik at innhaldet i dokumentet, ikkje kva status det har, skal avgjera om dokumentet blir unndrege frå innsyn eller ikkje.

Regjeringa er nå i innspurten med framlegg til ny offentleglov. Lovframlegget blir truleg lagt fram for Stortinget i slutten av april. Siktemålet er å få saka ferdigbehandla i vårsesjonen.