Korkje Økokrim, forsvarar Erling Lyngtveit eller retten, har villa akseptere sjukmeldinga frå Nydal. Nydal blir etter dette framstilt for politilegen i Bergen for å få ei alternativ vurdering av helsetilstanden. Også Gard må møte for politilegen. Berre for Kristin Nydal er det akseptert at ho ikkje møter.

Aktor, politiadvokat Geir Kavlie, dokumenterte i går at Nydal leverte sjukmelding for å sleppe å møte som vitne i straffesaka mot Atle Hamre. Det skjedde både i byretten og i lagmannsretten.

Kavlie hevda at det er viljen til å forklare seg om pengane, det skortar på. Han viste til at Nydal også hadde vore lite villig til å forklare seg for politiet, og at avhøyr først hadde skjedd under trugsmål om at han elles ville bli avhøyrd rettsleg. Forsvarar Lyngtveit støtta også kravet om at Nydal må forklare seg.