Dei parlamentariske leiarane vart samde i går om å sende eit slikt brev etter også å ha vurdert andre reaksjonsmåtar.

Informasjonssjef Øivind Østang stadfesta i går ettermiddag overfor Bergens Tidende at brevet var motteke ved statsministerens kontor. Men statsminister Kjell Magne Bondevik hadde ikkje sett brevet og hadde ingen kommentarar, då han var på veg til Stockholm.

Når kjem meldinga?

I brevet, som er underteikna av Jens Stoltenberg (Ap), Kristin Halvorsen (SV), Carl I. Hagen (Frp) og Marit Arnstad (Sp), heiter det mellom anna:

«Vi ber med dette Regjeringen svare på når en egen sak om hvordan Regjeringen skal gjenvinne overordnet styring med Forsvarets økonomi vil bli framlagt for Stortinget.»

Det er ikkje spørsmål om Regjeringa vil framlegge ei slik melding, berre om når meldinga kjem.

Dei parlamentariske leiarane viser til stortingsvedtaket 5. april som påla Regjeringa å legge fram ei eiga sak for Stortinget som skulle synleggjere korleis Regjeringa skal gjenvinne overordna styring med Forsvarets økonomi.

Meiner å ha oppfylt kravet

Bergens Tidende kunne i går fortelje at statsministerens kontor meiner å ha oppfylt pålegget frå Stortinget i og med meldinga som passerte statsråd 8. april om meirforbruket i Forsvaret i 2004.

Dette framgår av eit skriftleg svar BT har fått frå statsministerens kontor.

Mot denne bakgrunnen vil dei parlamentariske leiarane nå instruere Bondevik om å fylgje pålegget frå Stortinget.

— Det har aldri før hendt at dei parlamentariske leiarane for parti som representerer eit fleirtal på Stortinget, har kome med eit slikt krav overfor statsministeren.

Det seier Frp-formann Carl I. Hagen til Bergens Tidende. Han har sete på Stortinget, sidan 1974 med unntak av perioden 1977-81.

Åtvarar Regjeringa

— Det ser ikkje ut til at Regjeringa har teke Stortinget sitt vedtak fullt ut på alvor. Det er høgst uvanleg at ei regjering opptrer slik. Vi kan ikkje akseptere ein slik framgangsmåte. Det er grunn til å åtvare Regjeringa mot å provosere Stortinget på denne måten, seier Kjell Engebretsen (Ap) til Bergens Tidende. Han er nestleiar i Kontrollkomiteen på Stortinget.

Engebretsen legg til at Regjeringa nå berre har å kome med den saka Stortinget har kravd.

Hagen seier at han er forundra over at statsministeren viser ei slik nonchalant haldning til eit pålegg frå Stortinget «i ei sak der ein av statsrådane hans har fått to daddelsvedtak mot seg og Regjeringa balanserer på ein knivsegg».

— At statsministeren trass i dette neglisjerer eit pålegg frå Stortinget er sjølvsagt ufatteleg uklokt. Det er heilt klart at dette svekkjer Regjeringa sitt omdøme. På meg verkar det som om Regjeringa alt har gjeve opp kampen om regjeringsmakt etter stortingsvalet og berre styrer fram mot oktober. Sjølv er eg lei for ei slik haldning, seier Hagen.

Hagen legg til at han er forundra over at partileiarane Erna Solberg (H) og Dagfinn Høybråten (KrF) kan sitje som passive tilskodarar til denne utviklinga.