• Staten kjem til å selje aksjar i bøtter og spann framover. Vi må sørge for at ein går fram slik at verdiar som staten har samla opp gjennom generasjonar, ikkje blir skusla bort.

VIDAR YSTAD

Det seier stortingsrepresentant Kjell Engebretsen (Ap) til Bergens Tidende. Han er nestleiar i Kontrollkomiteen på Stortinget som granskar salet av SND Invest.

Engebretsen er ikkje fornøgd med den forklaringa og den dokumentasjonen som næringsminister Ansgar Gabrielsen (H) ga Stortinget rett før påske.

Vil ha innsyn

— Vi må nå få alle tilbodsdokumenta på bordet. Det gjeld både tilbodsdokumenta frå dei som tilbaud finans- og advokattenester i samband med salet, og tilboda frå dei som ville kjøpe SND Invest, seier Engebretsen.

Næringsdepartementet har nekta å gje innsyn i ei lang rad av desse dokumenta. Bergens Tidende ba om innsyn for tre veker sidan.

«Interessant»

Engebretsen meiner opplysningane som kom fram gjennom Bergens Tidende i går om at advokatoppdraget vart meir enn seks gongar dyrare enn Næringsdepartementet først opplyste, er interessante.

— Vi på Stortinget må vere litt meir vakne på prosessane rundt desse aksjesala. Det er viktig å sikre verdiane for samfunnet, seier Engebretsen.

Otto Geheb som var styreleiar i SND Invest inntil salet vart gjennomførd, er ikkje spesielt imponert over den skriftlege orienteringa næringsministeren har sendt til Stortinget.

- Føler samfunnsansvar

— Eg kan ikkje sjå at det er levert nokon gode argument i denne orienteringa for kvifor ein valde å selje heile SND Invest med heile aksjeporteføljen under eitt. Einkvar med litt kunnskap veit at det måtte føre til stor rabatt, seier Geheb til BT.

Geheb opplyser at han vurderer å lage ei skriftleg framstilling av det som har skjedd i saka, kanskje stila til Stortinget.

— Vårt poeng er ikkje å ta næringsministeren. Men vi som sat i styret føler eit samfunnsansvar for å seie ifrå når vi opplever at det blir gjort feil med fellesskapet sine verdiar.

fakta:

  • Kontrollkomiteen på Stortinget har innleia gransking av det som skjedde då det statlege selskapet SND Invest vart selt.
  • Fleire av komitemedlemene har mange kritiske spørsmål til måten salet vart gjennomførd på. Påstandar går ut på at verdiar for fleire hundre millionar kroner gjekk tapt for staten.
  • Fredag før påske leverte næringsminister Ansgar Gabrielsen ei orientering til Kontrollkomiteen om salet. Den ser ikkje ut til å dempe kritikken. Det blir nå nye rundar.